× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Samfunnsvitskap favoritt ikon

Universitet og høgskole
Årsstudium i samfunnsvitskap er aktuelt for yrkesgrupper som treng innføring i dette fagområdet. Målet er å gi studentane eit fagleg godt og allsidig grunnlag for forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga. Søkjelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling og planlegging i ein lokal og regional kontekst.

Studienivå

Årsstudium

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

60

Semester

2

Om studiet

Årsstudiet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne, med innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi, og jus. Studiet har fokus på samfunnsutvikling og planlegging lokalt og regionalt. Som student får du praktisk erfaring med dette gjennom lokalsamfunnsanalyse, som er eit større tverrfagleg prosjektarbeid. Her vil du vere med på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. 

Undervisningsopplegg

Undervisninga er organisert i ein kombinasjon av forelesingar, problemløysing i grupper og individuelt arbeid. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane

Informasjon om opptak

Søknadstype: Samordna opptak. Søknadskode: 223 285

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

10

Søknadskode (SO)

223285