× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Planlegging og administrasjon favoritt ikon

Universitet og høgskole
Bachelorgraden er praktisk yrkesretta og gir deg grunnleggande kompetanse til å kunne gå inn i eit breitt utval av yrke, både i stat og kommune, privat næringsliv og frivillig sektor. Du vil vere kvalifisert for ei yrkeskarriere som til dømes administrativ leiar, leiar av utviklingsarbeid, sakshandsamar eller planleggar. Utdanninga gir også aktuell kompetanse for å jobbe innanfor media, rådgiving og næringsutvikling.  Bachelorgraden kvalifiserer for opptak ved Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.  

Studienivå

Bachelor, 3 år

Søknadsfrist

15. april 2020

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Bachelor i planlegging og administrasjon har som mål å gi deg som student brei kunnskap om samfunnsvitskaplege emne med innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi og juss.Viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking er også ein viktig del av studiet. Du skal mellom anna gjennomføre lokalsamfunnsanalyse med feltarbeid i utvalde kommunar og lokalsamfunn, og lære om regional utvikling i EU. Det vert gjennomført ein studietur til eit av medlemslanda. Studiet er fleksibelt organisert med ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne. Du kan velje å fordjupe deg i til dømes forvaltningsarbeid, arealplanlegging og GIS eller kommunal økonomi. I tillegg er det mogleg å gjennomføre eit internship for å få meir praktisk erfaring innanfor offentleg, privat eller frivillig sektor.  

Undervisningsopplegg

Undervisninga i studiet varierer mellom førelesingar og praktiske øvingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. I tillegg vil du få praktisk kjennskap til forskjellige tema gjennom ekskursjonar og studieturar. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 223 452

Utveksling

Studentane ved bachelor i planlegging og administrasjon kan ta delar av utdanninga i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Belgia, Sør-Korea og USA. Les meir om internasjonalisering på nettsidene våre. 

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

15

Søknadskode (SO)

223452