× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Journalistikk, spesialisering avis/nett favoritt ikon

Universitet og høgskole
Er du glad i å skrive og formidle? Høgskulen i Volda er nasjonalt kjend for å ha ei av landets leiande journalistutdanningar, og vi utdannar journalistar til redaksjonar over heile landet! Med ein bachelor i Journalistikk og spesialisering inn mot avis og nett, får du ei brei innføring i moderne, digitalt basert journalistikk i papir- og nettmedia.  

Studienivå

Bachelor, 3 år

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Bachelorutdanninga gir deg ei grundig innføring i journalistikk, slik den vert praktisert i moderne mediehus. Du får god trening i journalistisk arbeid og kunnskap om journalistikk som fag. Som journalist må du vurdere idear og prioritere nyhende. I tillegg til god allmennkunnskap, er det viktig å kjenne til media si rolle og funksjon i samfunnet, samt nyhendekriterium og nyhendekjelder. I løpet av studiet skal du kunne meistre relevante journalistiske verktøy, teknikkar, sjangrar og uttrykksformer – særleg innan avis og nett. Høgskulen i Volda legg stor vekt på å bruke same utstyr som du finn ute i bransjen, og undervisning i digital presentasjon blir basert på dei nyaste publiseringsprogramma.

Undervisningsopplegg

Undervisninga ved bachelor i Journalistikk med spesialisering på avis og nett, er organisert i ein kombinasjon av teori og praksis med førelesingar og praktiske oppgåver både enkeltvis og i grupper. Vi gir studentane trening i å bruke ulike analysemodellar. Arbeidet varierer frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkar til meir analyserande og undersøkjande journalistikk. Ved Høgskulen i Volda har du fire periodar med obligatorisk praksis. I det siste semesteret blir studentane utplassert i attraktive praksisplassar ved ulike mediebedrifter, der dei går inn i ein redaksjon og arbeider som journalistar. Mange som har studert journalistikk ved Høgskulen i Volda, har fått tilbod om jobb, der dei har hatt praksisutplassering. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Samordna opptak. Søknadskode: 223 723

Utveksling

Delar av journalistikkutdanninga kan takast i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Belgia, Danmark, Irland, Storbritannia eller Tyskland. Det er også mogleg å ha studieopphald ved dei andre nordiske journalistutdanningane.  

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

39.60 (primær)
41.20 (ordinær)

Studieplasser

25

Søknadskode (SO)

223723

Lignende utdanninger