× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Forvaltningsarbeid favoritt ikon

Universitet og høgskole
Dette nettstudiet gir ei innføring i ulike sider ved offentleg forvaltning. Du får mellom anna kunnskap om brukarorientering, styring og omstilling, samt elementær innføring i forvaltningsrett og arbeidsrett. Studiet høver godt for deg som er, eller vil bli, sakshandsamar i offentleg sektor.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

15

Semester

1

Om studiet

Studiet gir ei nyttig og grunnleggande innføring i viktige tema innanfor offentleg forvaltning og sakshandsaming. Praktisk organisering og arbeidsmåtar: Nettleksjonar Streaming av enkelte førelesingar Tilbod om rettleiing på arbeidskrav Diskusjonsforum på nettet Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon. Les meir i emneplanen her. 

Undervisningsopplegg

Undervisninga er lagt opp med leksjonar, diskusjonsforum, oppgåveinnlevering, kommunikasjon på e-læringsverktyet Canvas. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 3920

Lignende utdanninger