× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Ekstremsport Luft favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Frilynt folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Lær fallskjerm, vindtunnel, paragliding, speedriding og ski. Prøv elvepadling og klatring. Opplev meistring og eventyr, vennskap, natur og friluftsliv i telt og snøhole. Ekstremsport og skibygda Voss!

Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Ekstremsport Luft er for deg som vil bruke mest tid på å utforske luftsportane, men og køyre mykje på ski og prøve andre ekstremsportar.

 

Kast deg ut av eit fly eller helikopter, flyg speedrider ned ei fjellside eller flyg lengre og høgare med paraglider ...og ta lisensane til og gjere alt på eiga hand! Flyg mange timar i vindtunnelen. Prøv elvepadling, fjordpadling, rappellering og klatring. Køyr endelaus pudder i Myrkdalen, og sving deg ned fjellsidar i Voss Resort.

 

Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Nord-Europas største gondolbane ligg i gangavstand til skulen og Noregs største fallskjermsenter ligg ein sykkeltur unna!

 

Du og vennane dine er med og legg planar i forhold til vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med, og du får fly hundrevis av turar i løpet av året. Me stiller ofte med fleire lag i NM i vindtunnel.

 

I tillegg til å bu i ekstremsportmekkaet Voss, får du oppleva

  • Ei fantastisk reise gjennom store deler av Europa
  • Sognefjorden - Padling, teltliv og naturopplevingar
  • Toppturuka – Magiske Jordalen med base camp i telt

     ...og mange fine turar i områda rundt Voss og på skulen sine fjellstølar!

 

Utstyret me bruker er av høgste kvalitet. Du får både eigen speedrider og paraglider som du sjølv disponerer.

 

Opplev draumane dine! Velkomen til Voss!

 

Instagram: @vossfhsekstem #vossfhsekstrem