× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Data - USA - Silicon Valley favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Frilynt folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Karriere i datafag? Lær og prøv ut dei viktigaste områda innan data: programmering, 3D, spel, animasjon, grafisk design, web. Bransjeretta. Fagturer i Noreg og USA: San Francisco/Silicon Valley/LA

Karriere innan data? Vel datalinja på Voss!

 

Du lærer og prøver ut dei viktigaste fagområda innan data, og blir godt rusta til å velje retning vidare.  Du vil arbeide både breitt og djupt med data, og utvikle kompetanse og interesser innan ulike fagområde. Du får jobbe i prosjekt på det du intresserer deg for.

Vi vil lære, trivast og ha det kjekt saman! 

Du gler til “å leike” med andre dataintresserte. Du får opplevelser som hjelper deg å bestemme vegen vidare. 

Du vil oppleve verdas episenter for IKT, nemleg Silicon Valley i USA! Dit skal vi. Her besøker vi verdas største IKT selskap som Google og Intel! Vi drar også til LA og Hollywood, samt små surfebyar langs Stillehavet. 

Du blir del av eit pulserande, kreativt fagmiljø og utvikler deg dit du vil. Linja henter impulsar frå og samarbeidar med dei andre kreative linjene på skulen: Film & Foto, Musikk og Data & Friluftsliv.

Vi fokuserer på fagleg og sosialt fellesskap - vi:

  • jobbar saman i prosjekt
  • arrangerer LAN på skolen
  • reiser på turar til Bergen og andre folkehøgskular 
  • nyttar skianlegget og den vakre naturen på Voss, kun 1 km til gondol som tek deg til fjells i Voss Resort
  • 1 km unna Bergensbanen/toget

Linja er som ei av dei elste av sitt slag veldreven av erfarne lærarar og har eit stort nettverk av tidligare elevar og bransjefolk. 

Vi er ein frilynt skule. 

Sjekk ut vår Instagram:

@vossfhs er skolen sin profil

@vossfhs_kreativ for Data og dei andre kreative linjene.