× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

SjøSnøSurf.Interrail favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Kristen folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Vestlandet byr på eit hav av freistingar. Her er det skikkelig uvêr og det bles nordavind frå alle kantar. Heldigvis! Då er du i ditt rette element.

Det merkar du når du surfar di fyrste grøne bølgje i Hoddevika eller på Sardinia i Middelhavet. Den gløymer du aldri. Du er óg i ditt rette element når du tek på deg våtdrakta og dykkar ned i ei ny verd. Ei verd av klart vatn, fargerike manetar, fiskestimar og nysgjerrige selar.

På vindfulle dagar får du friske opplevingar i seglbåt eller i ein RIB med 300 hestekrefter. Og på godversdagar padler du kajakk og ser kvitkledde Sunnmørsalpar stupe rett ned i fjorden. Det danner vakre rammer for Oppdrag Hjørundfjorden og skiglede i urørte fjellsider.

Turen til Sardinia er ein to veker lang tur med tog gjennom Europa for å oppleve dagar med surfing, segling, padling og klippehopp, men også med mat, kultur, menneskemøter og tett fellesskap. Det er på slike dagar du tenker: ”Himmel og hav for eit år det skal bli!”

Det meste av det beste:
Linjetur Sardinia |  Surfing | Segling | Topptur | Kajakkekspedisjon | "Møte med det ukjende" | 10-kamp | Fridykking basseng/ute | Strandafjellet Skisenter | Snøholetur | Bålprat | Pudderjakt | Elvevandring | Ski/snowboard | Fisketur | "Oppdrag Hjørundfjorden" | Sunnmørsalpane | Klippehopping | Solodøgn | Triodøgn | Fjelltur | Vannsport | Fuglefjellet på Runde | Grottetur 

Sjekk ut YouTube-kanalen

Sjå magasinet 2019/20 på nett


Les meir om studietur og linjeinnhaldet