× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Musikk.Friluft.Sør-Afrika favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Kristen folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Musikk feat. Friluft!

Dei fleste linjedagane er du i øvingslokala, i studio eller på scena. Her kan du utvikle deg på det du allereie er best på. Om gitar er hovudinstrumentet ditt, er det likevel ikkje usannsynleg at du sit bak trommesettet på huskonsertar og jamsessions.

Du vil få lære meir om låtskriving, opptak og miksing. Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk. Når låta di er spelt inn, er det tid for musikkvideo. Og i januar har heile skulen ei musikalframsyning for 2500 tilhøyrarar i kulturhuset.

På Noregs kanskje mest aktive musikklinje får du likevel enda meir. På go’versdagar blir du gira av kajakk, ski, surfing og klatring. Og på studieturen til Sør-Afrika får du ulike workshops, konsertar, vertsfamiliebesøk, Robben Island, fallskjermhopp, strikkhopp og haidykk.

Dette er eit år der musikk vert miksa med dei beste friluftslivsaktivitetane Sunnmøre og Sør-Afrika har å by på.

Det meste av det beste:

Studietur Cape Town (Sør-Afrika) | Huskonsertar | Musikal | Studioarbeid | Låtproduksjon | Rytmelære | Band | Musikkvideo | Arrangering | Komponering | Samspel | Sangteknikk | Besifring piano/gitar | Surfing | Toppturar | Ski/brett | Klatring | Kajakk

Sjekk ut YouTube-kanalen

Sjå magasinet 2019/20 på nett

Les meir om studietur og linjeinnhald