× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Multisport.Sør-Afrika favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Kristen folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

På Multisport vert du komfortabel langt, langt utanfor komfortsona! Her får du eit år med sportsprega friluftsliv.

Du ferdast i mektige Sunnmørsalpar, klatrer Bladet i Molladalen og jaktar puddersnø og urørte fjellsider i kvasse vestlandfjell. Du måler krefter med storhavet på eit surfebrett i Hoddevika eller på vannski bak ein RIB-båt med 300 hk inn vakre Hjørundfjorden.

I Sør-Afrika er det tid for kitekurs, ATV, fallskjermhopp, terrengsykling, zipline, surfing og verdas høgaste strikkhopp.

Rundt leirbålet heime finn du ei eiga ro og deler dagens oppturar og nedturar med gode klassekameratar. På bålet blir middagen tilbereda og du sovnar mett, sliten og tilfreds i ein sovepose under stjernehimmelen.

I morgon ventar ein ny fullspekka dag.

Linjeinnhald
Klatring | Terrengsykling | Kitekurs | Surfing | Toppturar på ski | Ski/snowboard | 10-kamp | Triathlon | "Pudderjakt" | Via Ferrata | Skredkurs | Sender-/mottakar | Toppturar Sunnmørsalpane | Sykkelekspedisjon Trollstigen | "Oppdrag Hjørundfjorden" | "Møte med det ukjende" | Vannski/kajakk/snorkling | Stranda Skisenter | Snøholetur | Squash | Snøskuter | Curling | RIB-turar | Elv-/grotteklatring | Bålsamtaler

Sjekk ut YouTube-kanalen

Sjå magasinet 2019/20 på nett

Les meir om studietur og linjeinnhald