× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Leiartrening favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Kristen folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Du har kanskje slått det fast allereie: Det held ikkje med eitt år på folkehøgskule. Du vil ha meir! Du vil vere andreårselev - eller stipendiat som det blir kalla i folkehøgskulen.

«Når eit år ikkje er nok»

Etter å ha hatt «det beste året i livet» som elev på Sunnmøre Folkehøgskule, ser mange verdien av eit år til som stipendiat. Dei har sjølve sett kor viktige stipendiatane er som førebilete og miljøskaparar, og no vil dei ta ansvar, utvikle seg vidare, og skape "det beste året" for andre.

Gjennom teoretisk leiartrening og praksis som vegleiar på ei av linjene våre, får du prøvd deg i ein ny setting der du som ven og rettleiar kjem tett både på elevane og vi som jobbar her. I tillegg til det faglege, vil du saman med resten av "stippeteamet" ha både miljøoppgåver, praktiske og vertskapsmessige oppgåver knytta opp mot både elevar og anna drift. Eit variert og utviklande år som gjer seg på CV-en.

Det meste av det beste:
Arrangere miljøtiltak | Arrangere programkveldar | Arrangere diverse turar til fots, på ski/sykkel m.m. | Arrangere tilbod i gymsal, dansesal, formingssal | Oppfølging av elevar | Tilsynsavlastning | Resepsjonsvakt | Oppfølging av elevar med særskilde behov | Elev/medhjelpar på ei av linjene | Leiartrening | Teambygging | Prestasjonspsykologi | Konflikt- og kommunikasjonsteori.

Sjekk ut YouTube-kanalen

Sjå magasinet 2019/20 på nett

Les meir om studietur og linjeinnhald