× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Låtskriving.Studio.NewYork favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Kristen folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Drøymer du om å lage eigen musikk? Eller har du allereie sjølvskrivne låtar? No er tida er inne for å la andre høyre musikken din!

Saman med andre jobbar du med å skrive, utvikle, produsere og spele inn eigne låtar. I det nye studioet lærer du meir om musikkproduksjon, opptaksprosessar og miksing. Kanskje vil resultatet havne på Spotify, Tidal eller Urørt?

På studieturen i november reiser klasse di til New York. Der møter du dei nyaste trendane i musikkbransjen, samtidig som du får oppleve heftig storbypuls og hente inspirasjon til eige arbeid.

Denne linja har ein del av undervisninga i lag med ei anna musikklinje, og tilbake på skulen dannar de ulike band og har felles konsertframsyningar. I januar har heile skulen ei musikalframsyning for 2500 tilhøyrarar i kulturhuset.

Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk.
Resten er opp til deg sjølv.

Det meste av det beste: 

Studietur til New York | Låtskriving | Studio | Miksing/Mastring | Logic | Musikkproduksjon | Komponering | Arrangering | Musikkdistribusjon | Artistutvikling | Formidling | Plateinnspeling | Musikkvideo | Band | Jamming | Huskonsertar | Musikal.

Sjekk ut YouTube-kanalen

Sjå magasinet 2019/20 på nett

Les meir om studietur og linjeinnhald