× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Golf.Idrett.Sør-Afrika favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Kristen folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Denne linja har ingen "hole-in-one"-garanti. I staden kjem vi med ein "all-in-one"-lovnad.

For her speler du ikkje golf heile året. Utanfor golfsesongen vil ballspel og ski/snowboard dominere, medan aktivitetar som surfing, paragliding og paintball spriter opp kvardagen og klassemiljøet.

Sør-Afrika tilbyr fantastiske golfbaner, golfundervisning for barn i townships og muligheit for adrenalinkick med strikkhopp eller dykking med kvithai.

På Sunnmøre vil både den etablerte golfar og nybyrjaren få god instruksjon av ein lærar med 4,5 i hcp og klubben sin PGA-pro. Vi spelar på ulike baner på Sunnmøre og Sør-Afrika og dreg på treningsleir til Spania på vinteren. På Sunnmøre Golfklubb har du gratis spelerett. Den ligg berre eit langt utslag frå skulen.

Det meste av det beste:
Banespel på Sunnmøre og i Cape Town | Treningsleir Spania | Svinganalyse | Strikkhopp/fallskjerm | Senk ditt hcp | PGA-pro instruktør | Delta i turneringar | Fotball | Volleyball | Ski/brett | Stup/svømming | Langrenn | Beachvolley | Treningssenter | Surfing | Toppturar | Paragliding | Gokart | Leirdueskyting | Paintball | Kampsport | X-match

Sjekk ut YouTube-kanalen

Sjå magasinet 2019/20 på nett

Les meir om studietur og linjeinnhald.