× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Folkemusikk favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Frilynt folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Om du er nybegynnar eller har lang erfaring innan folkemusikk spelar ingen rolle.
Spel, syng og dans saman med andre. Prøv deg på fleire instrument.
Fordjup deg i eit hovudinstrument du vel sjølv.

På folkemusikklinja på Setesdal Folkehøgskule tenkjer me heilheitleg. Du får prøve deg på kveding (folkesong), dans og spel, samspel og kvedarkor. Me har fokus på musikken og dansen frå Setesdal, som er på UNESCO si verdensarvsliste for immateriell kulturarv. Du får òg jobbe med musikk og dans frå fleire andre distrikt. Har du eit område du er spesielt interessert i tek me gjerne fatt i det.

I løpet av skuleåret får du utvikla deg både som musikar/dansar og som person, og du kjem inn i ulike folkemusikkmiljø over heile Agder og resten av landet. Du får treffe legender som Kirsten Bråten Berg, Daniel Sandèn-Warg, Sigurd Brokke og Birgit Rike Lund. Me reiser på turar, kappleikar, held konsertar, besøker instrumentmakarar og mykje anna moro!

Du blir kjend med dei du går i klasse med og alle dei som går på dei andre linjene på skulen. Kanskje blir du kjend med deg sjølv på ein ny måte?

Setesdal Folkehøgskule ligg i Valle kommune, omkransa med flott natur og moglegheiter for friluftsliv sommar som vinter i ei bygd der du finn både stabbur («lopt» som me seier i Setesdal) og sauer. Me tilbyr eit flott skulemiljø med mykje aktivitet og fokus på fagleg utvikling.

 

Dette jobbar me med i løpet av året:

  • Utøving innan hovudinstrument, folkesong, dans, samspel og kvedarkor
  • Formidling
  • Tradisjonskunnskap
  • Musikkteori og lytting
  • Promotering og og arrangering
  • Innspeling og lydteknikk
  • Turar og konsertar