× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Nysirkus favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Frilynt folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Her får du utfordra deg på mange plan, det er ei fysisk og allsidig linje, der du får testa ut akrobatikk i ulike former, sjonglering, styrke, teater/drama, trampoline og balanse for å nemne noko.

Nysirkus - den einaste i Norge!

Mange trur at sirkus berre er for dei spesielt interesserte, men det er óg like aktuelt for deg som f.eks. likar parcour, turn og dansing. Vår erfaring er at elevar som ikkje har drive med dette før, blir like fasinerte og "hekta" som dei som er meir erfarne før dei kjem til Fjordane. Kombinasjonen av å kjenne velværet med å vere i god fysisk form, oppdage at ein får kroppskontroll og det å lære å meistre ulike sirkusdisiplinar, blir ein stor inspirasjon som ein tek med seg vidare i livet (school for life). Sirkuslinja på Fjordane er ein av dei få stadane i Norge der ein kan drive med sirkus eit heilt skuleår - utan eksamen!

Springbrett til vidare studier i utlandet

Linja har etter kvart óg blitt ei unik og populær linje for dei som er bitt av sirkusbasillen. Kvart år er det nokre elevar som brukar året på Fjordane som springbrett til vidare studier i Danmark, Nederland, Belgia eller Sverige. Men for dei fleste elevane blir sirkus ein spenstig hobby som dei tek med seg vidare.

Utanlandstur

Som ein ekstra godbit tilbyr skulen eit spennande studiebesøk ved ein sirkusskule i utlandet. Det varierar litt frå år til år kva turen går, men skulane ligg i ulike europeiske byar.

Annleis og inspirerande

Tør du å ta sjansen på å utfordre deg sjølv i å prøve ut og lære nye ferdigheter, likar du å bruke kroppen din og samtidig presse deg sjølv litt ut i det ukjente? Søk på nysirkuslinja!

Meir info finn du på webben vår: Fjordane folkehøgskule Nysirkuslinje