× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

MOVEMENT X - Modern Circus|Performing Arts -Europe favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Frilynt folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Tren hardt, bli sterkare, fleksibel, meir teknisk, lær deg en flikk-flakk, bli sterkare på scenen. MOVEMENT X er ei fysisk og allsidig nysirkuslinje, der du får utfordra deg på mange plan.

Nysirkus - den einaste i Norge!

Mange trur at sirkus berre er for dei spesielt interesserte, men det er óg like aktuelt for deg som likar f.eks parcour, turn og dansing. Vår erfaring er at elevar som ikkje har drive med dette før, blir like fasinerte og "hekta" som dei som er meir erfarne før dei kjem til Fjordane. Kombinasjonen av å vere i god fysisk form, få kroppskontroll og det å meistre ulike sirkusdisiplinar, blir ein stor inspirasjon som ein tek med seg vidare i livet (school for life). MOVEMENT X på Fjordane er den einaste staden i Norge der ein kan drive med sirkus eit heilt skuleår på heltid - utan eksamen!

Springbrett til vidare studier i utlandet

Kvart år er det nokre elevar som fortsetje sin utdanning på sirkushøgskular i utlandet. Andre hoppar rett ut i arbeid med sirkus i ein eller anna form, og for mange blir sirkus ein spenstig hobby som dei tek med seg vidare i livet.

Utanlandstur

Europa
Kvart år drar linja på eit spennande studiebesøk ved ein sirkusskule i utlandet. Det varierar litt frå år til år kva turen går. 7-10 dagar.

Sri-Lanka / Asia
Fellestur med hele skulen. Dette er ein ekstra moglegheit for dei som ønskar det. Her har linja mellom anna opptrådt på barneheimar og laga sjongleringsballar til borna som bur der.

Annleis og inspirerande

Tør du å ta sjansen på å utfordre deg sjølv i å prøve ut og lære nye ferdighetier, likar du å bruke kroppen din og samtidig presse deg sjølv litt ut i det ukjente? Søk på MOVEMENT X no!

Meir info: fjordane.fhs.no