× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Kunst/foto/glass/reise favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Frilynt folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Eit år fylt med teikning, maling, grafikk, glass, keramikk, foto, street art og mykje meir. Du får utforska og utvikla dei kreative sidene i deg. Inspirasjonsturar både i Norge og i utlandet.

Prøv ut ulike kunstformer
Dette er linja for deg som vil ha eit år der du får prøve ut ulike kunstformer som teikning, maling, foto, keramikk, glass, streetart og andre ting. Vi utfordrar evnane i eit mangfold av form og uttrykk gjennom arbeid med desse emna.

Glass - spennande kunstmateriale
Kunstlinja vår er ei av dei få kunstlinjene der du får jobbe med materialet glass, noko som for mange ungdommar er eit ukjent materiale, men som fleire elevar blir "hekta på" i løpet av skuleåret. Her får du designe dine eigne unike produkt slik som glasfat, smykker og anna. 

Foto 
Digitalt og analogt. Grunnleggande teknikkar. Her får du eit innblikk i korleis eit kamera verkar, kva som må til for at eit bilde skal bli vellykka både når det gjeld valg av motiv, lys, fokus og digital etterbehandling. Du får også jobbe med portrettfotografering, samt med bilder i både fargar og svart/kvitt. Du får og jobbe i mørkerom. Har du eige kamera, ta det med!

Keramikk

* dreiing og handbygging

* raku

* alternative brenningsmåtar t.d. pit, smoke og saggerbrenning

Grafikk tegning og maling

* Lino, koldnål

* akryl/oljemaling/akvarell

* blyant/kull/pastell

 Design/redesign

Her er det berre din fantasi som setter grenser. Brukte materialer får nytt liv og ny funksjon

 

På denne linja er det også mogleg å jobbe med spesielle prosjekt dersom du skulle ønske det. Du vil få stor frihet til å jobbe med eigne ting både i undervisnigstida og på ettermiddag/kveld/helg.

Les meir på Fjordane folkehøgskule Kunst-Foto-Glasslinje