× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Hest, ride- og kjøresport favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Frilynt folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Ei variert og innhaldsrik linje for deg med ambisjonar om å konkurrere i sprang, dressur, køyring eller feltritt etter ønske. Undervisninga blir tilpassa ditt nivå. Ta gjerne med din eigen hest.

Denne linja er for deg som ønsker å satse på riding og køyring.

Har du solid bakgrunn i riding eller køyring, og ønsker du kanskje å fokusere meir på dette enn det ein får på Hest Allround? I ridinga vil du få utvikle ferdighetane dine ekstra i både sprang og dressur. Vi fokuserer på at både du og hesten skal få allsidig trening, og at samspelet mellom deg og hesten skal utviklast gjennom god undervisning og forståing av ryttaren/ kusken sin innverknad på hesten. Vi samarbeider med den lokale rideklubben om å arrangere stevner i løpet av året, samt at vi reiser rundt på stevner i nærområdet.

Vi har også valfag som er retta mot hest. Du kan velje mellom sprangriding, tømmekøyring, køyring og prosjekthest, der får du moglegheita til å fordjupe deg meir i det du ønsker å fokusere på med hesten din.

Har du ikkje med din eigen hest er det ikkje noko problem. Du får då bruke ein av dei flinke skulehestane våre som går LB/LA med øvelsar til MB i dressur, middels kjøring, 80-90 baner i sprang og feltritt.

Vi har besøk av spesialistar innan tannhelse, kiropraktikk og saltilpasning.

I køyresport får du trene på konkurransekøyring i form av dressurkøyring, presisjonskøyring mellom postar og kjegler, og maratonkøyring.

Få meir informasjon om linja på: Fjordane folkehøgskule Hest Ride- og kjøresportlinje