× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bu og fritid favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Frilynt folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Bli med på mange kjekke aktivitetar, reise på kortare og lengre turar, lage mat og ha ein aktiv og sosial kvardag, både i klassa og med resten av skulen. I tillegg kan du drive med kunst og hest m.m.

 

Med interesse for hest eller kunst/foto/glass
Bu og fritid passar for deg som er interessert i linjefaget hest eller kunst,/glass/foto. Samtidig skal du få tilrettelegging og hjelp i kvardagen. Du får trening i å bu for deg sjølv, vere sosial og samarbeide med andre. På linja er det 6 elevar som har lærevanskar/ lettare utviklingshemming. I tillegg til ADL-trening kan du få fordjupning i hestefag eller i kunstfag. Du er også med på fellesfag og valfag saman med dei andre elevane på skulen.

Hest Vel du hestefaget får du vere i stallen 4 dager i veka. Du får ri, lære om hestehold og får delvis ansvar for ein passhest saman med ein annan elev. Du får vere med å gjere stallarbeid og å stelle hestane.

Kunst/foto/glass Er du heller interessert i å vere kreativ og likar å male, teikne og jobbe med leire, eller vil du helst berre lage bilder? Då kan du få eit opplegg på kunstlinja vår.

Integrering
Vi legg stor vekt på at du skal integrerast i elevflokken i dei fag og fellesaktivitetar som er muleg, samtidig som du får eit tilbod som er tilpassar ditt nivå. Vi stiller realistiske krav til deg, og du må også yte utifrå dei forutsetningane du har. Dersom hest og kunst ikkje passar for deg, kan vi også legge til rette for praktisk arbeid eller fordjupning i eit av dei andre linjetilboda. Snakk med oss om det!

Les meir om linja på: Fjordane folkehøgskule Bu og fritidslinje