× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Fokus: Afrika favoritt ikon

Folkehøgskole

Varighet

1 år

Opptakskrav

over 18 år

Studienivå

Frilynt folkehøgskole
Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.

Om studiet

Kontrastar ventar: Rikdom/slum, barneheim/rafting, jordhytter på landet/kvite strender på Zanzibar. Afrika på det beste, det tyngste, og alt imellom. 4-5 vekers linjetur til Kenya, Uganda og Tanzania.

Kva er Afrika? Er det ein stor, einsidig verdsdel me møter i bilda og historiene frå media? Er det svolt, naud og diktatorar? Er Afrika AIDS og ein evig kamp om ressursar, på eit kontinent nesten heilt utan framtid?

Mange av desse spørsmåla har dessverre ja til svar, men det gir ikkje det fulle og heile bildet. Heldigvis skal me læra eit anna Afrika å kjenna, med rik historie og ei like rik framtid. Me møter og blir kjente med dei som dannar det mangfaldet som Afrika er. Me møter sjeler som lever eller arbeider med dei utfordringane som finst, om det er hjelpearbeidarar i slummen eller lokale innfødde som held liv i stammekulturar til komande generasjonar. Dei er alle fulle av vilje, håp og draumar,  og me ønsker at dei vil farga oss og gjera oss bevisste i våre framtidige val.

reisa vår blir kontrastane enorme når me går frå å møta familiar som strevar med å overleva, til å nyta synet av det utrulege dyremangfaldet på safari. Me snorklar etter fargerike fiskar i Zanzibar og besøker tidlegare barnesoldatar i nord-Uganda. Me lyttar til sirissane når me overnattar i jordhytter og får oss eit adrenalinkick på rafting ned elvestryk.

Fokus Afrika er linja for deg som lurer på korleis verda eigentleg fungerer. Det skal me finne ut saman, gjennom kunnskap, erfaringar og vennskap.