× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.
Tekstilreinsar Rune Sandstad i vaskeriet

YrkesintervjuTekstilreinsar favoritt ikon

Rune Sandstad set pris på ein variert og utfordrande arbeidsdag som tekstilreinsar.

Rune Sandstad
35 år
Tekstilreinsar
Marthes Renseri, Stjørdal
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

 

Kvifor valde du å bli tekstilreinsar?

- Grunnen til yrkesvalet var tilfeldig. Eg vart tilbode jobben via ein kjenning. 

 

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av? 

tekstilreinsar_rune_sandstad_2_hoyde.jpg

All rights reserved.

 

- Arbeidsdagen min består av logistikk, reinsing av teppe, pakking av reinsa tekstil og vedlikehald av utstyr og tekstil. Eg driv også med vask, reins og registrering av alle tekstil som kjem inn til reinseriet. 

 

Kva utdanning og kvalifikasjonar bør ein ha for å bli tekstilreinsar? 

- Det er ingen krav om noko spesiell utdanning dersom ein ynskjer å arbeide som tekstilreinsar. Når det gjeld eigenskapar, løner det seg å vere nysgjerrig, vere nøyaktig i eigen arbeidsmetode og ha lyst til å utvikle eigne evner og alltid lære meir. Som tekstilreinsar løner det seg å vere eit ordensmenneske!

 

Kva er det beste ved yrket ditt? 

- Eg set pris på moglegheita til å lære nye teknikkar, samt handtere ulike situasjonar frå dag til dag. Jobben byr alltid på ei utfordring og arbeidsdagen består av varierte oppgåver. 

 

Kva mislikar du mest ved yrket ditt? 

- Det er ikkje alle flekkar som er like stas å handtere, til dømes oppkast og liknande. 

 

Kva løn kan ein vente seg innan yrket ditt?

Som tekstilreinsar kan ein vente seg tariffløn, som er mellom 350 000 og 400 000 kroner. 

 

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan dette yrket? 

- Sjansen for å få seg jobb er god! Er ein positiv og eigar av dei rette eigenskapane, er det absolutt ikkje umogleg å få seg jobb på eit reinseri. 

tekstilreinsar_rune_sandstad_3.jpg

All rights reserved.

 

    • Eg set pris på moglegheita til å lære nye teknikkar, samt handtere ulike situasjonar frå dag til dag.
    • Jobben byr alltid på ei utfordring!
    • Som tekstilreinsar løner det seg å vere eit ordensmenneske!
    • Sjansen for å få seg jobb er god!

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser