Vidaregåande opplæring
Bygger på grunnskole og kvalifiserer deg til arbeidsliv eller vidare studiar. Du kan ta studieførebuande eller yrkesfaglege program.
Animasjonsfilm om vidaregåande skole
Du har valet mellom studieførebuande og yrkesfaglege program etter ungdomsskolen. Kva skal du velje?
Animasjonsfilmen viser korleis dei ulike studieprogramma i vidaregåande opplæring heng samen. Om du vil sjå andre animasjonsfilmar om yrkes- og utdanningsval kan du sjå dei på vår YouTube-kanal.
KVA SKAL
DU
BLI?
Utdanningsprogram
Utdanningsløpet i vidaregåande opplæring vil bli endra til skuleåret 2020-2021. Alle endringane er ikkje avgjort endå, men Utdanningsdirektoratet har oversikt over siste nytt om fagfornyelsen på sidene sine. Du kan òg sjå ein førebels versjon av det nye utdanningsløpet hos Vilbli.no.
Studieførebuande
Gir grunnlag for å studere på universitet og høgskole. Tar normalt 3 år og har hovudvekt på teoretisk kunnskap.
Yrkesfaglig
Gir kompetanse til å gå ut i yrkeslivet. Tar normalt 3 - 5 år. Du kan ta fag-/sveinebrev eller oppnå yrkeskompetanse.
Finn skole i ditt fylke
Hvis du lurar på noko om val av yrke og utdanning finst det mange du kan spørje. Ei rekke offentlege og nokre private kontor jobbar med dette, og dei svarar deg gjerne.
Vel fylke for å få oversikt over kontorane der du bur.
Lukke til!
Eksamenskontor
Fagopplæringskontor
Fagopplæringskontoret svarar på spørsmål om opplæring i bedrift, og hjelper lærlingar og bedriftar.
Inntakskontor
Inntakskontora administrerer søknadar til vidaregåande opplæring. Du må kontakte inntakskontoret i om du skal byte skole eller skal byrje på skole i et anna fylke. Inntakskontora svarar óg på andre spørsmål om inntak.
Karrieresenter
Karrieresentra gir gratis rettleiing om val av yrke og utdanning, jobbsøking og arbeidsliv til alle over 19 år.
Oppfølgingsteneste
Oppfølgingstenesten rettleiar og hjelper ungdom som ikkje er i opplæring eller arbeid. Oppfølgingstenesten (OT) har ansvar for å følgje opp ungdom med rett til vidaregåande opplæring som ikkje er i opplæring eller arbeid. Dette gjeld ungdom i alderen 16 til 21 år.
Opplæringskontor
Opplæringskontora er eit samarbeid mellom bedriftar om inntak og opplæring av lærlingar. Opplæringskontora fungerar óg som rettleiarar for lærebedriftane. Det finnes fylkesvise opplæringskontor og opplæringskontor som samarbeidar om opplæring i eitt eller fleire fag på tvers av fylka.
Vilbli.no har oppdatert oversikt over alle opplæringskontor i Norge.
Velg fra listen for å se opplæringskontor i ditt fylke hos vilbli.no
Utdanningsavdeling
Fylkeskommunane har ansvar for all vidaregåande opplæring i Noreg. Utdanningsavdelingane i fylka kan svare på spørsmål om for eksempel eksamen, dokumentasjon, kvalitet og klage på karakterar. Dei har óg ansvar for vidaregåande opplæring for voksne.
Videregående skoler i Trøndelag
44 skoler i Trøndelag Bytt fylke