Søknadsfristar til høgare utdanning favoritt ikon

Ordinær søknadsfrist for høgare utdanning er 15. april.

Oversikt over viktige datoar for deg som skal studere på universitet eller høgskole. 

Februar

1. februar: Søknadsportalen til høgare utdanning, Samordna opptak, opnar og studieoversikta blir lagt ut.

Mars

1. mars: Søknadsfrist for enkelte søkegrupper til høgare utdanning. Denne søknadsfristen gjelder for:

  • søkjarar til Politihøgskolen
  • søkjarar til luftfartsfag ved Universitetet i Tromsø–Noregs arktiske universitet
  • søkjarar som søker med realkompetanse
  • søkjarar som søker om tidleg opptak
  • søkjarar som søker om særskilt vurdering

Vær oppmerksam på at ein del utdanningar har lokalt opptak. Sjekk derfor med det aktuelle lærestaden. Les meir om søknadsfrist 1. mars hos Samordna opptak

15. mars: Søknadsfrist for studielån og stipend, haustsemesteret. Vær obs på at enkelte søkegrupper har andre fristar. 

20. mars: Dokumentasjonsfrist for 1. mars-søkjarar. Dokumentasjon er eksempelvis vitnemål frå vidaregåande opplæring. Les meir om fristen hos Samordna opptak

April

15. april: Ordinær søknadsfrist for studiar som søkjast gjennom Samordna opptak.

20. april: Dokumentasjonsfrist for 15. april-søkjarar.

Juli

1. juli: Frist for å ettersende dokument om utdanning og praksis du fullfører same vår som du søker utdanning.

1. juli: Frist for å omprioritere studieønska dine. 

20. juli: Svar på hovudopptaket til høgare utdanning. Husk at du må svare på hovudopptaket for å takke ja til studieplass.

19. juli: Oversikt over ledige studieplassar leggjast ut på Samordna opptak. 

20. juli: Restetorget opnar på Samordna opptak og du kan søke ledige studieplassar. 

24. juli: Siste frist for å svare på hovudopptaket.

Sjå oversikt over fristar hos Samordna opptak 

November

15. november: Søknadsfrist for studielån og stipend, haustsemesteret. Vær obs på at enkelte søkegrupper har andre fristar. 

 

Slik søker du høgare utdanning