Slik søker du vidaregåande favoritt ikon

Du søker vidaregåande opplæring gjennom vigo.no.

Kor kan du søke?

Viss du ønsker å ta ein opplæring som ikkje finst i ditt fylke, så er det moglegheiter for at fylket ditt kan kjøpe skoleplass i eit anna fylke. Ta kontakt med inntakskontoret i ditt fylke for meir informasjon.

Slik søker du

Det vanlege er å søke vidaregåande opplæring gjennom vigo.no. Viss du søker opptak ved privatskole, er det vanleg å sende søknad direkte til skolen. I nokre fylke kan du også søke privat skole gjennom vigo.no.

Når du søker må du bruke MinID. MinID er ein personleg, elektronisk ID, som gir tilgang til ulike typar offentlege tenester på nett.

Søknadsfrist

Ordinært inntak har frist 1. mars.

Les meir om søknadsfristar i vidaregåande opplæring

Søke læreplass

Du må alltid søke opp formidling til læreplass via vigo.no, kor du loggar på med MinID. Les meir om korleis du søker læreplass

  • Søknadsfristen er 1. mars, og 1. februar for lærekandidatar.

På utdanning.no kan du med enkle søk sjølv finne deg ein mogleg lærebedrift. Les meir om korleis du går fram

Særskilt opptak og spesielle behov

Alle ungdommar har rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring etter fullført grunnskole.