Slik søker du høgare utdanning favoritt ikon

Til dei fleste utdanningar på universitet og høgskolar søker du via Samordna opptak. Nokre utdanningar har lokalt opptak, og da søker du direkte til lærestaden.

Du kan sende søknad og sjå ditt elektroniske vitnemål på Samordna opptak sine nettsider.

Les meir om søking og opptak hos Samordna opptak

Dersom studiet har lokalt opptak søker du opptak direkte til universitetet eller høgskolen som tilbyr studiet.

Søknadsfristar

Ordinær søknadsfrist er 15. april for studiar som søkjast gjennom Samordna opptak. Du kan omprioritere studieønska dine fram til 1. juli.

Les meir om søknadsfristar til høgare utdanning

Ledige studieplassar etter hovudopptaket

Etter hovudopptaket er det mogleg å søke på ledige studieplassar hos Samordna opptak. 19. juli legger dei ut oversikt over studiar som ikkje er fylt opp. Desse kan du søke på frå og med 20. juli såframt du oppfyller opptakskrava. 

Du trenger altså ikkje å ha søkt tidlegare gjennom Samordna opptak. Det er løpande opptak til dei ledige plassane. Det vil seie at den som søkar først og er kvalifisert, får den første ledige plassen. Når studiet er fullt, blir det fjerna frå oversikta.

Ledige studieplassar hos Samordna opptak

Kjem du inn?

Lurer du på kva for studiar du kan komme inn på? Prøv Karakterkalkulatoren.