Slik søker du folkehøgskole favoritt ikon

Du sender søknad direkte til skolane.

Dei fleste skolane let deg sende søknad på nett, og folkehogskole.no har oversikt over alle søknadsskjema.

Les meir om søknad på folkehogskole.no

Opptakskrav

Folkehøgskolen er i utgangspunktet open for alle. Nokre få folkehøgskolar har opptakskrav i fag som krev visse dugleikar. 

Søknadsfrist 

Det er ingen søknadsfrist, så du kan søke heilt fram til skolestart. Opptaket startar 1. februar. Det lønner seg å søke tidleg for å få plass på linja du ønsker å ta. Skolen behandlar søknader fortløpande. 

Tilbod

Du får vanlegvis svar i løpet av få veker, og har ein eller to veker til å akseptere tilbodet eller ikkje. Opptaksrutinar kan variere frå skole til skole.