Slik søker du fagskole favoritt ikon

Frist for å søke til offentlege fagskolar er 15. april. Søknadsfrist for private fagskolar kan variere frå skole til skole.

Offentlege fagskolar

Frist for å søke til offentlege fagskolar er 15. april. Du kan søke via vigo.no. Somme utdanningar er ikkje med i fellesopptaket. Sjekk nettsida til skolen for meir informasjon.

Du kan fritt velje skole og fagskoletilbod uavhengig av kva fylke du bor i.

Les meir om opptak hos Nasjonalt opptakskontor for fagskolen

Privat fagskole

Søknadsfrist kan variere frå skole til skole. Somme skolar har rullerande opptak fram til utdanninga startar. Sjekk skolen din for å finne ut meir om søknadsfrist og korleis du søker.