Slik bereknar du poeng favoritt ikon

Du søker opptak til høgare utdanning med skole- eller konkurransepoeng. Studieplassane er fordelt på to kvotar: kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote. Poengsummen og fagkombinasjonen avgjer om du får plass på studiet.

Skolepoeng 

Du bereknar skolepoeng ved å legge saman:

  • karakterpoeng
  • språk- og realfagspoeng
  • kjønnspoeng
  • poeng for opptaksprøver

Summen av desse utgjer skolepoenga dine. Desse brukar du for å konkurrere i kvote for førstegongsvitnemål.

Konkurransepoeng 

Du bereknar konkurransepoeng ved å legge saman:

  • skolepoeng
  • alderspoeng
  • tilleggspoeng

Summen av desse utgjer konkurransepoenga dine. Dei brukar du for å konkurrere i ordinær kvote.

Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote

I kvote for førstegongsvitnemål konkurrerer du berre med skolepoenga dine. Har du fullført vidaregåande opplæring og er 21 år eller yngre i opptaksåret blir vitnemålet ditt rekna som førstegongsvitnemål, og du konkurrerer om opptak i kvote for førstegongsvitnemål.

Alle blir samtidig poengberekna i ordinær kvote, og dette gjer saksbehandlaren din automatisk. I kvote for førstegongsvitnemål får du ikkje med eventuelle tilleggspoeng, alderspoeng, nye fag eller fag som du har forbetra etter vidaregåande. Dette får du bare med i ordinær kvote. 50 % av alle studieplassane blir gitt i kvote for førstegongsvitnemål, 50 % blir gitt i ordinær kvote.

Dersom du har teke opp fag og endrar karakterar i faga, til dømes som privatist, etter at vitnemålet blei skrive ut så vil vitnemålet ikkje lenger reknast som eit førstegongsvitnemål – da hamnar søknaden din i ordinær kvote.

Du kan lese meir om poengberegning hos Samordna opptak.

Hjelp til å rekna ut poengsummen
I Karakterkalkulatoren kan du legge inn faga dine og karakterar, og få berekna dine skole- og konkurransepoeng. Du kan òg sjå kva for studium du kan komme inn på.
Prøv Karakterkalkulatoren.