Privatist favoritt ikon

Som privatist er du ansvarleg for eiga opplæring og undervising, og du må sjølv melde deg opp til eksamen.

Du kan ta eksamen i fag du ikkje har frå før eller forbetre karakterane dine i fag du har tatt tidlegare.

Du kan ta privatisteksamen i fag i vidaregåande skole (yrkesfag og studieførebuande) og ved universitet og høgskolar.

Slik blir du privatist 

Du som tar fag på vidaregåande melder deg opp og betaler samstundes eksamensavgifta på privatistweb.no

Korleis du førebur deg til privatisteksamen er heilt opp til deg. Du bestemmer sjølv om du vil:

  • lese på eiga hand
  • hospitere i eit fag ved ein vidaregåande skole. Kontakt skolen du ønsker å hospitere på for å høyre om dei tilbyr ei slik ordning.
  • velje å følge undervising på privat skole eller på nettet. Dette må du vanlegvis betale for.

Ønsker du å ta fag på høgskole- og universitetsnivå, får du informasjon om privatistordninga hos dei. 

Prisar

Det kostar 1000 kroner for fag du tek for første gong, og 2000 kroner for fag du ønsker å forbetre karakteren i (2015).

Søknadsfrist

Du kan melde deg seg opp til privatisteksamen to gonger i året. Fristen for å melde seg til våreksamen er 1. februar, fristen for hausteksamen er 15. september.

Eksamen blir gjennomført i mai/juni og i november/desember. Datoane kan variere, så sjekk eksakte datoar for ditt fylke.

Toårig vidaregåande

Det er høve til å ta opp fag medan du framleis går på vidaregåande. Dette inneber at du kan ta fag på nytt undervegs, eller ta fag i tillegg til dei du allereie har på skolen. På denne måten kan du fullføre vidaregåande skole på to år. Å ta fag i tillegg til faste fag vil krevje svært mykje av deg, og det er ikkje naudsynleg tilrådeleg. Det kan vere lurt å prate med skolen først, dersom du ønsker ei slik løysing.

Fag- eller sveinebrev som privatist

Det er høve til å ta fagbrev eller sveinebrev som privatist. Dette blir kalla å vere praksiskandidat. Som praksiskandidat er du fritatt frå kravet om å ha godkjent fellesfaga før du kan ta fag- eller sveineprøve.

Det er eit krav at du får godkjent på ein eigen eksamen for praksiskandidatar før du kan melde deg opp til fag- eller sveineprøve. I tillegg må du ha yrkespraksis frå før. Den må vere allsidig og dokumentert, og vere minst 25 % lengre enn det som er vanleg læretid i faget. Yrkespraksisen din må òg dekke dei viktigaste delane av innhaldet i læreplanen.

For å melde deg opp til fag- eller sveineprøve, må du kontakte fagopplæringskontoret i ditt fylke.

Privatistweb

Du melder deg opp til eksamen på privatistweb.no. Skal du ta privatisteksamen i Nordland må du melde deg opp direkte til den skolen du ønsker å ta eksamen ved.

PrivatistWeb finn du informasjon som vil gi deg svar på spørsmål om:

  • korleis du melder deg opp til eksamen
  • eksamensavgift og betaling
  • eksamensdato
  • leselister
  • eksamensdagen
  • særskilt tilrettelegging ved eksamen
  • vurdering og klagerett
  • fag- og sveineprøven

Dersom du ikkje finn svar på spørsmåla dine der, kan du ta kontakt med den einskilde vidaregåande skolen eller fylkeskommunen du bur i.

Finn utdanningsetaten i ditt fylke

Utdanningsdirektoratet har også ei ege side med informasjon til deg som vil ta fag som privatist.

Utdanningsdirektoratet: Eg vil ta fag som privatist