Byte eller ta opp vidaregåande opplæring favoritt ikon

Har du valt feil utdanningsprogram og ønskjer å byte? Du kan byte til eit anna utdanningsprogram eller programområde enn det du har begynt på.

Dette heiter omval, og gjeld deg med ungdomsrett.

Byte til same trinn

Du kan byte til ny

  • Vg1 dersom du har fullført eller avbrote Vg1
  • Vg2 dersom du har fullført eller avbrote Vg2
  • Vg3 eller opplæring i bedrift dersom du har avbrote Vg3 i skole eller opplæring i bedrift

Du kan ikkje gjere omval etter fullført vidaregåande opplæring i skole eller avlagt fag- eller sveineprøve, men du kan søke om plass utan rett. Er det ledig plass, kan du få eit tilbod.

Ver oppmerksam på at fylket har ein frist for når du har brukt opp skoleåret ditt. Søker du etter denne datoen, må du få utvida opplæringsretten med eitt år. Fristen varierer, så sjekk med skolen din når fristen er. 

Byte til eit lågare trinn

Du kan velje eit lågare trinn og gå frå Vg2 til Vg1, men du har ikkje rett til å fullføre sidan dette ikkje fell innanfor retten til omval. Fylket kan likevel la deg fullføre vidaregåande.

Ta opp igjen utdanning

Ønsker du å ta eit utdanningsprogram eller programområde om igjen, har du ikkje krav på utvida rett. Er det ledig plass, kan du få eit tilbod. Kontakt inntakskontoret i ditt fylke.

Ny vidaregåande utdanning

Du kan søke vidaregåande opplæring utan rett dersom du har

  • fullført vidaregåande opplæring
  • mista retten til opplæring
  • blitt vist bort

Nyttig informasjon

Inntakskontoret svarer på spørsmål dersom du skal byte skole, begynne på skole i eit anna fylke, samt andre spørsmål rundt inntak.

Sjå oversikt over inntakskontor

Fagopplæringskontora hjelper bedrifter og lærlingar med spørsmål knytt til opplæring i bedrift.

Sjå oversikt over fagopplæringskontora i ditt fylke