Vaksenopplæring favoritt ikon

Vaksenopplæringa tilbyr vidaregåande opplæring for vaksne.

Kva er vaksenopplæring?

Vaksenopplæring er vidaregåande opplæring som er tilpassa vaksne. For å ha rett til opplæring for vaksne må du vere over 25 år, og du har ikkje fullført vidaregåande.

Les meir om vidaregåande som vaksen

Undervising

Undervisinga skal vere tilrettelagt med omsyn til tid, stad og framdrift i opplæringa. Undervisinga kan bli tilbydd på heil- eller deltid, på dag- eller kveldstid.

Vaksenopplæringa blir organisert på fleire måtar, både på skolen, som nettundervising eller på andre måtar.

Korleis søke vaksenopplæring?

Både vaksne med og utan rett til vidaregåande opplæring kan søke om å få plass. Du må søke via vigo.no.

Vaksenopplæringa kan ha eigne søknadsfristar. Kontakt fylkeskommunen for meir informasjon.