Utdanning i Forsvaret favoritt ikon

Det finst mange moglegheiter for deg som ønsker å ta ei utdanning i Forsvaret.

Forsvaret har eit bredt utdanningstilbod med mange moglegheiter. Ein utdanning i Forsvaret er ikkje det same som ved de fleste sivile høgskolar- og universitet. Nokon dagar er det tradisjonell klasseromsundervisning, mens ein andre dagar er ute på øving, på trening eller skytebanen. Forsvaret kombinerer teori og praksis på ein måte som gir ein spennande og variert skolekvardag.

Opptakskrav

For å starte på ein utdanning i Forsvaret må du vere kjent tenestedyktig frå sesjon. Vanlegvis gjennomførast sesjon del 2 det året du fyller 18 eller 19 år. Det er normalt ikkje nødvendig å ha fullført førstegongsteneste for å kunne søke. 

I tillegg må du:

  • vere norsk statsborgar
  • ha god helse
  • ha god vandel
  • ha fylt 18 år innan opptakets start (eventuelle unntak for lærlingar kan du lese om på Forsvarets egne sider)
  • ha fullført både sesjon 1 og 2
  • kunne tryggleiksklarering
  • kunne bestå fysiske minstekrav for utdanninga du søker

Utdanningane kan ha forskjellige opptakskrav, men dette kan du lese meir om på forsvarets egne sider om utdanning

Befalsutdanning

Ein befalsutdanning lærer deg å inspirere, ta avgjerder, undervise, organisere og ein rekke teknikkar for å bli ein god leder. Utdanningane kan variere i tid, men er vanlegvis eitt år skole og eitt år praksis. 

Det er fleire vegar å gå for å ta ein befalsutdanning. Forsvaret har fleire befalsskolar som tilbyr ulike studieretningar du kan spesialisere deg innanfor. 

Les meir om befalsutdanning på forsvaret.no

Høgare utdanning 

På same måte som sivile høgskolar- og universitet tilbyr Forsvaret ein rekke studiar som fører til ein bachelorgrad. Dette gir deg ein ettertrakta kompetanse som kan brukast både i og utanfor Forsvaret. Utdanningane kan variere i tid, men er vanlegvis tre år skole etterfølgt av tre år med praksis. 

Med ein bachelorgrad frå ein av frå ein av Forsvarets skolar vil du ha gode moglegheiter for ein karriere i uniform. Les meir om høgare utdanning i Forsvaret på forsvaret.no

Lærling

Forsvaret er Noregs største lærebedrift med over 600 lærlingar fordelt på 30 fagområde over hele landet. Forsvaret tilbyr ein spennande og annleis læretid kor du får faglege og personlege utfordringar.

Læretida kombinerts med gjennomføring av førstegongsteneste, men i enkelte fag kan du søke læreplass som sivil lærling. Se oversikt over lærefag på forsvaret.no

Yrkessoldat 

Med yrkessoldat meinast alle militært tilsette som ikkje er befal eller offiserar. Enten du ønsker å jobbe som profesjonell soldat, på kontor eller i spesialstyrkane er det mange moglegheiter.

Utdanningane går føre seg vanlegvis ute i ein av Forsvarets avdelingar, og ikkje ved ein av Forsvarets skolar. Dette er spesialistutdanningar som gjør deg i stand til å kunne jobbe som militær tilsett i ein profesjonell avdeling. Etter fullført og bestått utdanning vil du kunne få tilbod om tilsetting i avdelinga. Les meir om kva for moglegheiter som finst på forsvaret.no

  • Utdanning i Forsvaret
    Foto:
    Forsvaret/Torgeir Haugaard
    All rights reserved.