Realkompetanse favoritt ikon

Realkompetanse er kunnskap og evner du har tileigna deg gjennom utdanning, arbeid, ulønt arbeid, organisasjonsarbeid eller fritidsaktivitetar.

Kva er realkompetanse?

Dersom du ikkje har formell utdanning som grunnlag for å få opptak til ei utdanning, kan du søke om opptak på grunnlag av din realkompetanse. Realkompetansen din blir då vurdert opp mot opptakskrava til den utdanninga du ønsker å starte på. 
 
Dersom du oppfyller kompetansekrava i heile eller delar av utdanninga, kan du søkje om å få korte ned studielaupet på grunnlag av din realkompetanse. Du treng jo ikkje opplæring i noko du allereie kan. Realkompetansen din blir då vurdert opp mot lære- eller studieplanen til utdanninga du tar.
 
Det er ulike reglar for kven som kan søkje om realkompetanse og kor du skal ta kontakt. Nedanfor finn du ei lita oversikt.
 

Grunnskole

Dersom du ikkje har fullført grunnskolen, kan du ta kontakt med kommunen din for å få vurdert kompetansen din i høve til faga i grunnskolen.

Vidaregåande opplæring

Er du over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har du rett til gratis vidaregåande opplæring og realkompetansevurdering (vaksenrett). Godkjend realkompetanse blir dokumentert med kompetanseprov eller vitnemål. Det er utdanningsavdelinga i fylket ditt som er ansvarleg for å gi deg vidaregåande opplæring. I mange fylke søkjer du realkompetansevurdering via vigo.no.
 
Dersom du er vaksen utan rett til vidaregåande opplæring har du krav på å få vurdert realkompetansen din dersom du får tilvising frå kommunen eller NAV. Då betaler dei for vurderinga. Fylkeskommunen kan òg ta seg betalt for å gjere vurderinga. Dersom det er kapasitet, kan vaksne utan rett til vidaregåande opplæring og ungdom likevel få tilbod om opplæring.
 

Fagskolar

Realkompetansevurderinga kan gi deg opptak til fagskole. Du må vere gamal nok til å kunne ha fullført vidaregåande opplæring, vanlegvis 19 år eller eldre. 
 
For å søkje om realkompetansevurdering må du ta kontakt med fagskolen du ønsker å ta utdanning ved. Informasjon om opptak og ei oversikt over offentlege fagskolar finn du hos Nasjonalt opptakskontor for fagskolar.
 

Universitet og høgskolar

Dersom du er over 25 år og ikkje har formelt opptaksgrunnlag frå før, til dømes generell studiekompetanse, kan realkompetansevurderinga gi opptak til høgskolar og universitet. Søknad om realkompetansevurdering må du levere til Samordna opptak eller til skolen du ønsker å ta utdanninga ved. 
 
Dersom du er tatt opp som student, kan du på bakgrunn av realkompetansevurdering òg søkje om fritak frå enkeltemne i studien du tek. Ta kontakt med studieadministrasjonen ved skolen du går på for å få meir informasjon om fritaksvurdering. 
 

Vurdering av realkompetanse

Ved ei realkompetansevurdering må du dokumentere kunnskapen og ferdigheitene dine best mogeleg gjennom skildringar og dokumentasjon. Døme på dokumentasjon kan vere CV, attestar, kurs- og eksamensprov, ei samlemappe med arbeidet ditt, eller eigenerklæringar som skildrar kompetanse du har fått gjennom arbeid. 
 
Når vurderinga er ferdig, får du ein dokumentasjon på resultatet. Døme på dokumentasjon kan vere kompetanseprov frå den vidaregåande opplæringa eller ei skriftleg godkjenning av opptak til høgare utdanning. 


Les meir om vurderingas fire fasar hos Kompetanse Norge. 

Nyttige lenker: