Lån, stipend og kostnader på folkehøgskole favoritt ikon

Sjølve undervisninga på folkehøgskole er gratis, men du betaler for å bu på internat og for mat, materiell og eventuelle studieturar.

Eit skoleår kostar mellom 64 000–116 000 kroner avhengig av kva for linje og skole du vel.  I gjennomsnitt kostar eit år på folkehøgskole 90 000 kroner.

Les meir om kostnadene på folkehogskole.no

Du kan få dekte rundt halvparten av utgiftene gjennom stipend frå Lånekassen. Du kan også søke om studielån.

Les meir om studielån på lånekassen.no