Lån, stipend og kostnader på fagskole favoritt ikon

Nokre fagskolar er gratis, medan andre må du betale for. Somme stader må du betale for materiell og utstyr, og du kan ha rett på støtte frå Lånekassen.

Offentlege fagskolar

Nokre fagskolar er finansierte av det offentleg og er gratis. Somme utdanningar krev likevel at du sjølv betaler for materiell og utstyr. Nett- og deltidsstudiar kan medføre ei ekstra studieavgift. Gå inn på den einskilde skolen sine nettsider for å sjekke kostnadene.

Fagskoleopptak.no: Sjå oversikt over offentlege fagskolar

Privat fagskole

Dei fleste fagskolane får ikkje støtte frå det offentlege. I staden blir utdanningane finansiert av blant anna ei avgift som elevane må betale. Prisen på studiet varierer avhengig av utdanning og utdanningsstad. 

Gjennomsnittspris på studiet for alle fagfelt var 65 831 kroner i 2013. Det billigaste tilbodet var humanistiske og estetiske fag som kosta 5 500 kroner for ein heil grad, medan trafikkflygarutdanninga var dyrast og kosta 920 000 kroner (Kilde: Kunnskapsdepartementets tilstandsrapport for fagskolesektoren 2013). 

Lån og stipend

Fagskuleutdanningane blir godkjende av NOKUT. Denne godkjenninga medfører ein rett til utdanningsstøtte frå Lånekassa.

I tillegg kan du søke på ei rekke stipend og legatar. Desse er gjerne retta mot studieretningar eller søkarar busette i eit geografisk område.