Lån, stipend og kostnader i høgare utdanning favoritt ikon

Som student ved universitet eller høgskole kan du få stipend og/eller lån frå Lånekassen.

Lån og stipend hos Lånekassen kallast utdanningsstøtte. For å ta imot utdanningsstøtte frå Lånekassen, må utdanninga vere offentleg godkjent i Noreg.

Hos Lånekassen kan du lese meir om

Fristar

Fristen for å søke utdanningsstøtte er 15. november for haustsemesteret, og 15. mars for vårsemesteret.

Nokre utdanningar kan ha andre fristar. Les om søknadsfristar for stipend og lån

Legatar og stipend

I tillegg kan du søke på ein rekke andre stipend og legatar. Desse er gjerne retta mot studieretningar eller søkjarar busett i eit geografisk område.