Lærling favoritt ikon

Som elev i eit lærefag er det vanleg at du startar opplæringa i vidaregåande skole og avsluttar med læretid i ei bedrift.

Kva er ein lærling?

Ein lærling er ein elev som går i lære for eit praktisk fag. I verksemda får du opplæring og praksis i faget.  Det er mest opplæring i starten av læretida. Etter kvart deltar du i dei vanlege oppgåva på arbeidsplassen. Ofte får du derfor mindre lønn i starten av læretida. Elles har du same rettar og pliktar som dei andre tilsette i verksemda. Lærlingen skal ha opplæring etter læreplanen i faget og bedrifta må vere godkjent av fylkeskommunen. Lærlingen har krav på kontinuerleg oppfølging og vurdering gjennom hele læreperioden. 

Lærlingar avsluttar utdanninga si med ei prøve, og får sveinebrev eller fagbrev etter at prøva er bestått. Sveinebrev blir gitt i handverksfag, medan fagbrev blir gitt i dei andre lærefaga. 

Les meir om fagbrev og sveinebrev 

Kva fag kan du ta som lærling?

Om lag 200 programområde fører til fagbrev eller sveinebrev. Desse blir kalla lærefag.

Sjå oversyn over fag i vidaregåande opplæring 

Slik finn du læreplass

Du må inngå ei lærekontrakt med ei verksemd for å bli lærling. Du kan ta kontakt med ei verksemd og skaffe deg læreplass sjølv. Mange verksemder annonserer også ledige læreplassar i avis og på nett. 

Sjå utlyste stillingar hos NAV

Du søker direkte til verksemder og opplæringskontor. Hugs at du også må søke via vigo.no. 

Sjå oversikt over opplæringskontor

Fagopplæringskontora formidlar også læreplassar via vigo.no. Då registrerer fylkeskommunen deg som søkjar, og sender ei liste med opplysningar om deg til aktuelle læreverksemder. Fagopplæringskontoret har oversikt over godkjente læreplassar i ditt område. 

Finn fagopplæringskontoret i ditt fylke

Uavhengig av korleis du finn læreplass, må du søke via vigo.no innan fristen 1. mars. Søker du på særskilde vilkår, er fristen 1. februar.

Les meir om korleis du går fram for å bli lærling. 

Lønn, lån og stipend

Læretida i verksemda deler ein inn i opplæring og verdiskaping. Med verdiskaping meiner ein at lærlingen skapar produkt som verksemda kan selje til kundane sine eller tilbyr tenester til verksemda sine brukarar. Det er for verdiskapingstida lærlingen får lønn. I starten av læretida er det mest opplæring, medan det på slutten er mest verdiskaping. Derfor får lærlingar vanlegvis meir lønn på slutten av læretida.

Du avtalar sjølv lønn med verksemda. Lønna vil derfor variere frå arbeidsstad til arbeidsstad.

Dersom du er lærling og har godkjent lærekontrakt, kan du søke lån og stipend frå Lånekassen.

Om lån og stipend for lærlingar hos Lånekassen

Lærling som privatist

Du kan ta fag- og sveineprøven som privatist dersom du har allsidig og tilstrekkeleg erfaring i faget. Vanlegvis må du ha fem års praksis. Du må ta ein teorieksamen før du kan gå opp til praktiske prøve.

Les meir om praksiskandidat

Dine rettar som lærling

Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har derfor rettar knytte til både opplæringslova og arbeidsmiljølova.

Her er nokon av dine rettar som lærling: 

  • Læretida kan avbrytast med permisjon på grunn av for eksempel lengre sjukefråvær, fødselspermisjonar, militærteneste og liknande.
  • Permisjonen må godkjennast av fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda og lærlingens arbeidsgivar.
  • Læretida kan bli forskyvd .
  • Etter permisjonen må lærlingen fortsette der han slapp, og dermed fortsette på same opplæringsnivå og med same lønn som da permisjonen starta.
  • Lærlingar har rett til lønn under sjukdom fram til kontraktforholdet tek slutt.
  • Lærlingar kan ha kortvarige fråvære utan at det påverkar læretida.
  • Som ein hovudregel skal ikkje lærlingar og lærekandidatar kunne påleggjast overtidsarbeid, men dersom du blir pålagt overtid bregnes lønnen ut frå begynnarlønna til ein hjelpearbeidar i Lønnsramme 2.

Kilde: Lovdata

Tilrådde sider om dine rettar som lærling: