Fakta om høgare utdanning favoritt ikon

Høgare utdanning bygger på vidaregåande opplæring eller tilsvarande erfaring.

Universitets- og høgskolestudium krev vanlegvis generell studiekompetanse som opptakskrav. Nokre studiar krev også ein bestemt fagkombinasjon.

Det finst fleire moglegheiter for å få opptak til høgare utdanning:

  • Fullført og bestått studieførebuande utdanningsprogram
  • Yrkesfag med påbygging
  • 23/5-regelen
  • Y-vegen
  • Realkompetanse

Les meir om studiekompetanse

 

Grader innan høgare utdanning

Høgare utdanning er delt inn i ulike grader:

  • årsstudium
  • bachelorgrad
  • mastergrad
  • profesjonsstudium
  • yrkesutdanning
  • høgskolekandidat
  • doktorgrad ( ph.d.)

Sjå visuell oversikt over høgare utdanning

Studiepoeng og karakterar

Kursa ved universiteta og høgskolane blir målt i studiepoeng*.

Eittårig fulltidsstudium gir 60 studiepoeng. Ein treårig bachelorgrad gir 180 studiepoeng og ein femårig mastergrad 300 studiepoeng.

Studentar får karakterar etter eit bokstavsystem frå A (best) til F (stryk), og der E er lågaste ståkarakter. I tillegg blir karakteren bestått/ikkje bestått gitt ved nokre eksamenar.

* I samsvar med den europeiske ECTS-standarden (European Credit Transfer System credits).

Søke høgare utdanning

Mange studiar må du søke opptak via Samordna opptak, som administrer opptak. Vær oppmerksam på at ikkje alle utdanningane kan søkjast via Samordna opptak. Da må du søke direkte til lærestaden.

Slik søker du høgare utdanning

Utveksling

Du har rett til opphald ved eit lærestad i utlandet i løpet av bachelorgraden din dersom du ønsker det. Alle universitet og høgskolar skal legge til rette for at du kan få eit utlandsopphald som passar inn fagleg i utdanninga din. Lærestadene skal ha eit nettverk for studentutveksling med studiestader i andre land.

Les meir om å studere i utlandet

Etter- og vidareutdanning 

Etter høgare utdanning kan du ta etter- og vidareutdanning for å få meir kompetanse. Etter- og vidareutdanning er for deg som ønsker å oppgradere eller bygge på utdanning, eller omskolere deg. 

Les meir om etter- og vidareutdanning