Fakta om folkehøgskole favoritt ikon

Folkehøgskolane er eksamensfrie internatskolar. Mange tar eit år på folkehøgskole etter vidaregåande.

Totalt tilbyr 78 folkehøgskolar fleire hundre fag. Du kan velje og vrake i fag som blant anna kultur, friluftsliv, idrett, reiseliv, journalistikk, pop og rock, og psykologi.

Finn folkehøgskole

Frilynt eller kristen skule

Du kan velje mellom frilynte og kristne folkehøgskolar. Kvar skole står fritt  til å velje sitt eige verdigrunnlag eller profil. 

Dei frilynte folkehøgskolane er som regel ikkje knytte til spesielle organisasjonar eller trussamfunn, medan dei kristne folkehøgskolane enten er eigde av eller tett tilknytte ulike kristne organisasjonar eller kyrkjesamfunn. 

Aldersgrense

Fleirtalet av folkehøgskolane har ei nedre aldersgrense på 18 år. Somme skolar tar likevel inn elevar under 18 år. Sjekk nettsidene til skolen for meir informasjon. 

Inga eksamen

Folkehøgskolane har ikkje eksamen. Når du har fullført skoleåret får du eit vitnemål med oversikt over kva fag du har tatt og kva du har gjennomført. I løpet av året kan du opparbeide deg ei mappe med arbeidsprøvar som kan hjelpe deg vidare til opptak på somme studiar. 

Tilleggspoeng

Eit fullført år på folkehøgskole gir deg to tilleggspoeng ved opptak til universitet eller høgskole dersom du har vore til stade 90 % av tida. Poenga blir gitt i ordinær kvote

Nyttige lenker

Folkehogskole.no