Fakta om fagskole favoritt ikon

Fagskoleutdanning er korte, yrkesretta utdanningar frå eit halvt til to år. Utdanninga gir kompetanse som kan takast i bruk direkte i arbeidslivet.

Fagskole er ein yrkesretta utdanning som bygger på vidaregåande skole eller tilsvarande kompetanse. Utdanninga er ofte tilrettelagt slik at den kan takast mens du er i jobb.

Enkelte fagskoleutdanningar gir grunnlag for å søke om meisterbrev

Det finst både offentlege og private fagskolar. Fylkeskommunane tilbyr blant anna offentlege finansierte tekniske og maritime utdanningar, samt tilbod innan helse- og oppvekstfag. Mange private fagskolar har ein rekke tilbod innanfor kreative fag, merkantile fag, service-, media-, multimedia- og IKT-fag.

Se oversikt over fagskoletilbodet i Noreg

Nemninga fagskole og fagskoleutdanning kan berre vert nytta om godkjente tilbod. Det er Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga — NOKUT som fører tilsyn med og godkjenner fagskoletilbod.

Se oversikt over godkjente fagskoletilbod hos NOKUT

Opptakskrav

Fullført vidaregåande opplæring med yrkesfagleg kompetanse, generell studiekompetanse eller realkompetanse

Meisterutdanning

Meisterbrev er vidareutdanning på fagskolenivå for dei med fag- og svennebrev og tilstrekkeleg praksis i eit meisterfag. Les meir om meisterutdanning

Vidareutdanning etter fagskole

Ein del fagskolar har samarbeid med norske høgskolar. Dette gjer det mogleg å bygge på fagskoleutdanningar til ein bachelorgrad og eventuelt ein mastergrad. Dei har òg liknande avtaler med utanlandske universitet.

Meir informasjon