Fakta om etter- og vidareutdanning favoritt ikon

For deg som ønsker å oppgradere eller bygge på utdanning, eller omskolere deg.

Etter- og vidareutdanning blir organisert som fleksible utdanningar. Dei er lagde til rette slik at du kan studere uavhengig av tid, stad og livsfase. Det betyr at du for eksempel kan velje ei utdanning som du kan ta ved sida av jobben.

Fleksible utdanningar kan kombinerast, og eksempel er: nett-, deltids-, samlingsbasert og desentralisert studium. 

Studieformer

Nettstudium 

Undervising og oppgåveinnlevering skjer i hovudsak på nett. Lærar og kursdeltakar er på ulik stad og/eller tid.

Sjå oversikt over nettstudium 

Det er også mogleg å ta nettkurs, såkalla MOOC. Desse gir vanlegvis ikkje studiepoeng, men det er mogleg å også få studiepoeng for enkelte kurs. Les meir om MOOC 

Deltidsstudium

Går over lengre tid enn eit ordinært studium. Ein bachelor tar fire år eller fleire på deltid, tre år på fulltid. 

Sjå oversikt over deltidsstudium  

Samlingsbasert studium

Du møter opp til eit fastsett tal på samlingar. Studiet kan takast på heil- eller deltid. Blir ofte kombinert med nettstudium.

Sjå oversikt over samlingsbaserte studium

Desentralisert studium

Utdanning du tar som er lokalisert på ein annan stad enn hovudbasen til lærestaden.

Sjå oversikt over desentraliserte studium

Dine rettar

Er du i jobb, kan du ha rett til utdanningspermisjon i inntil tre år. 

Du kan ha rett til permisjon med lønn under eksamen. 

Vidaregåande

Ønsker du å ta vidaregåande utdanning som vaksen, kan desse artiklane vere nyttige å lese: 

Fagskole

Har du yrkeskompetanse, kan du ta vidareutdanning på fagskole. Meisterutdanning kan vere aktuelt dersom du har fag- eller sveinebrev.

Universitet og høgskole

Har du tatt ein lågare grad, kan du gå vidare og ta master- eller doktorgrad

Nokre oversikter over vidareutdanning etter yrke eller bransje:

Sjå Utdanningsdirektoratets oversikt over vidareutdanning for lærarar.