Fagbrev og sveinebrev favoritt ikon

Du får fagbrev og sveinebrev etter fullført yrkesutdanning.

Fagbrev og sveinebrev

Du får fagbrev eller sveinebrev når du har fullført eit yrkesfagleg utdanningsprogram og har vore lærling i ei verksemd. Du går først på skole, før du har opplæring i ei verksemd. Det vanlegaste er å ta to år på skole og to år i verksemd, men dette varierer avhengig av kva utdanning du tar. Etter opplæring i verksemd tar du ein sveineprøve eller fagprøve. Når prøven er bestått får du fag- eller sveinebrev.

Viss du tar utdanning i eit av dei tradisjonelle handverksfaga får du som regel sveinebrev. Fagbrevet skil seg frå sveinebrevet ved at ein gir det i yrkesfag innan industrien og i nokre handverksfag.  I fag der industrien har tatt over for handverket, får du no fagbrev. Med fagbrev får du nemninga fagarbeidar. I ein del industriverksemder brukar ein nemninga fagoperatør.

Du kan òg få godkjent tidlegare praksis eller bygge på grunnkompetanse og få fag- eller sveinebrev.  

Fag- og sveineprøva skal takast så nært læretidas slutt som mogleg, og seinast innan to månader etter læretidas utløp. Dersom lærlingen ikkje kan ta prøven før etter denne perioden, og lærlingen får fortsette å jobbe i bedrifta i mellomtida, må det lagast ein ny arbeidsavtale. Da blir lærlingen ikkje lenger lærling, men midlertidig tilsett som for eksempel hjelpearbeidar. Når fag-/sveineprøva er bestått, ender kontraktforholdet mellom lærlingen og lærebedrifta. Dersom lærlingen ikkje består fagprøven på første forsøk, har vedkommande krav på å få ta ein ny prøve. Lærebedrifta er likevel ikkje pliktig til å gi lærlingen opplæring mellom første og andre prøve.

Sjå oversikt over alle fagbrev og sveinebrev

Fagbrev og sveinebrev som vaksen

Du kan ta fag- og sveineprøven som privatist viss du har allsidig og tilstrekkeleg erfaring i faget. Vanlegvis krevst det fem års praksis. Du må ta ein teorieksamen før du kan gå opp til praktisk prøve. 

Les meir om praksiskandidat

Slik melder lærlingar seg opp til fagprøva/sveineprøva:

  • Lærebedrifta har ansvar for oppmeldinga
  • Oppmeldingsskjema får ein hos fylkeskommunen kor lærekontrakten til lærlingen er registrert
  • Skjemaet skal fyllest ut og sendast tilbake til fylkeskommunen 
  • Lærebedrifta kontrollerer alle opplysningane før skjemaet sendast tilbake, og kan komme med forslag til både prøvearbeid, prøvestad og tidspunkt for når den avsluttande prøven kan gjennomførast
  • Oppmeldinga bør sendast inn seinast to månader før prøven skal haldast
  • Fylkeskommunen godkjenner oppmeldinga og gir beskjed til Prøvenemnda, som er ansvarleg for gjennomføring av fag- og sveineprøver

Ein fagprøve/sveineprøve går føre seg slik:

Den avsluttande prøven skal haldast i den bedrifta kor hovuddelen av læreperioden er gjennomført.  Prøvenemnda skal godkjenne staden prøven skal haldast for å sikre at forholda for prøven er lagt godt nok til rette.

Lærlingen skal få god tid til planlegging når oppgåva (e) blir delt ut, og løysningane som veljast skal grunngjevast. Etter planlegginga er ferdig går lærlingen i gang med utføringa, som skal vere i samsvar med planlegginga. Deretter skal lærlingen vurdere eige prøvearbeid og beskrive eventuelle avvik mellom planlegginga og gjennomføringa. Til slutt skal prøvekandidaten lage eit samla dokument av eige prøvearbeid. Prøvenemnda kan stille spørsmål for fagleg avklaring knytt til oppgåvene som er gjort.

Oppgåvene som blir gitt under prøven speglar av det som lærlingen forventast å kunne etter læreperioden. Oppgåvene blir basert på kompetansemåla i læreplanen, og oppgåvene skal prøve kandidaten i følgjande:

  • planlegging av arbeidet og grunngiving for valde løysingar
  • gjennomføring av fagleg arbeid
  • vurdering av eige prøvearbeid
  • dokumentasjon av eige prøvearbeid

Lærlingen skal få god nok tid på oppgåva til å kunne vise kvalitet i arbeidet han/ho utfører under fag- eller sveineprøva. Alle hjelpemidlane lærlingen har hatt tilgang på under læretida kan brukast også under fag- og sveineprøva. 

Etter at prøven er fullført, fyllest det ut ein prøveprotokoll som Prøvenemnda signerer og returnerer til fylkeskommunen, som gir kandidaten skriftleg melding om prøven er bestått eller ikkje.

Vidareutdanning

Nokre fag- og sveinebrev gir moglegheit til å ta meisterutdanning, og du får eit meisterbrev og nemninga meister.

Les meir om meisterutdanninga

Du finst òg moglegheiter for å gå vidare på fagskole når du har fullført vidaregåande opplæring med yrkesfagleg kompetanse. Fagskole er ein yrkesretta utdanning og er ofte lagt til rette slik at utdanninga kan takast mens du er i jobb. 

Les meir om fagskole

Fleire fag- og svennebrev gir moglegheit til å søke opptak til enkelte universitets- og høgskolestudiar utan generell studiekompetanse. Du kan ta utdanninga via y-vegen eller ved å ta forkurs. Høgskolar tilbyr ofte forkurs til ingeniørutdanningar eller maritime utdanningar slik at det er mogleg å innfri spesielle fagkombinasjonar. Somme høgskolar tilbyr også tresemesterordningar der det er mogleg å innfri fagkrav før sjølve studiet byrjar. 

Y-vegen er vanlegast innan ingeniørstudium, men er også eit tilbod i andre fag.

Les meir om forkurs hos Nasjonalt senter for realfagsrekruttering

Les meir om y-vegen

Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse. Ved å velje denne retninga, står du veldig fritt til søke på mange høgare utdanningar etterpå. 

 

Her kan du sjå korleis arbeidsmarknaden kan sjå ut for ditt yrke/din yrkesretning om fem og ti år, men også korleis det ser ut nå.