23/5-regelen favoritt ikon

Viss du er over 23 år kan du få generell studiekompetanse gjennom 23/5-regelen.

Du dekkes av 23/5-regelen viss du oppfyller alle punkta under:

  • har fylt 23 år eller meir i det året du skal søke om opptak til høgare utdanning
  • har minst fem års praksis og/eller utdanning
  • har fullført og bestått de seks studiekompetansefaga

Du må ha bestått desse faga: 

Fag og timetal:

  • norsk (393 timar)
  • engelsk (140 timar)
  • samfunnsfag (84 timar)
  • historie (140 timar)
  • matematikk (224 timar)
  • naturfag (140 timar)

Du kan ta faga som privatist

De fleste fylka tilbyr opplæring i faga for vaksne. Les meir om vidaregåande som voksen

Desse faga kan vere dekket på andre måtar med fag du har tatt før 2008, på teknisk fagskole eller forkurs. 

Kva er praksiskravet? 

Du må dokumentere til saman minst fem års fulltids arbeidspraksis og/eller utdanning. De seks studiekompetansefaga svarar til eitt år i vidaregåande opplæring. All praksis og utdanning du har må utgjere fem års fulltid til saman. Ein fulltidsjobb regnets som 37,5 timar i veka. Praksis og utdanning bkan ikkje overlappe. Du får ikkje utteljing for meir enn eitt år sjølv om du jobbar 150 % i eitt år. 

Kravet til praksis og/eller utdanning kan dekkes gjennom:

  • lønsnett arbeid
  • læretid
  • frivillig arbeid
  • omsorgsarbeid
  • vidaregåande opplæring
  • høgare utdanning
  • folkehøgskole
  • fagskole
  • annan utdanning
  • militærteneste
  • sivilteneste
  • introduksjons- og norskprogram med samfunnskunnskap for nykomne innvandrarar

Nedsett arbeidsevne kan også bli tatt omsyn til. 

Usikker på om du dekker krava?

Kontakt opptakskontoret ved eit av lærestadene dersom du er usikker på om du har generell studiekompetanse. For rettleiing om fag og eksamenar, kontakt ei vidaregåande skole eller privatistkontoret i fylket der du bor.