10 tips om val av utdanning favoritt ikon

Du har mange moglegheiter når du skal velje utdanning. Her får du 10 tips om kva du bør tenke på før du vel.

1. Vel noko du interesserer deg for!

Kva verdiar og interesser har du? Det er lettare å gjennomføre krevjande studium og få gode resultat dersom du vel noko du likar.

2. Ta omsyn til eigenskapar og ferdigheiter!

Kva har du anlegg for? Er du teoretisk eller praktisk anlagt?

3. Skaff deg informasjon!

Finn mest mogleg informasjon om utdanningar og yrke du vurderer. Det finst gode oversyn på nett.

Prat med andre som tek den utdanninga eller arbeider i det yrket du vurderer. Spør til dømes om arbeidsoppgåver, arbeidstid og arbeidsmiljø. Du kan òg diskutere moglegheitene dine med ein rådgivar eller karriererettleiar.

4. Vurder jobbmoglegheitene!

Det er vanskeleg å seie korleis arbeidsmarknaden vil vere når du er ferdigutdanna, men vel du ei utdanning innan helse og omsorg, ingeniørfag eller læraryrket, er du truleg sikra arbeid i framtida. Sjekk jobbutsiktene innan ditt fag.

5. Sjekk lønnsnivået!

Nokre yrke er betre lønna enn andre. Dersom lønn er viktig for deg, bør du sjekke den forventa lønna før du vel utdanning.

6. Vel rett studiestad!

Finn ut korleis studiet er bygt opp og kva fasilitetar lærestaden har. Korleis er studentmiljøet? Samanlikne studiestader og vel det som passar deg best.

7. Vil du studere i utlandet?

Ønsker du å reise eller få internasjonal erfaring, kan det vere lurt å studere i utlandet.

8. Fullfør utdanninga!

Når du har valt utdanning – fullfør! Med fullført utdanning er sjansen for arbeidsløyse mykje mindre.

9. Vurder moglegheitene for vidareutdanning!

Arbeidsmarknaden er i stadig utvikling, og det blir vanlegare å ta vidareutdanning. Sjekk kva vidareutdanningar og karrierevegar som eksisterer innan ditt fag.

10. Det er ditt val!

Lytt til kva andre har å seie, men til sjuande og sist er det ditt val. Kjenn etter kva som kjennest rett for deg, og ikkje la deg påverke av kva andre ønsker at du skal gjere.

Lukke til!