Oppfølgingstenesta favoritt ikon

Oppfølgingstenesta rettleiar og hjelper ungdom som ikkje er i opplæring eller arbeid.

Oppfølgingstenesta (OT) har ansvar for å følge opp ungdom med rett til vidaregåande opplæring som ikkje er i opplæring eller arbeid. Dette gjelder ungdom i alderen 16 til 21 år. 

OT tar kontakt viss du:

  • ikkje har søkt vidaregåande opplæring
  • ikkje har tatt imot tildelt plass
  • har slutta før du er ferdig med opplæringa
  • er arbeidsledig
  • har tapt rett til opplæring på grunn av bortvising eller oppheva lærekontrakt

Oppfølgingstenesta gir råd og rettleiing om utdannings- og yrkesval, og gir tilbod om opplæring, arbeid eller annan sysselsetting. Målet er at du skal få formell kompetanse som studiekompetanse, yrkeskompetanse eller annan kompetanse.

OT samarbeider med andre fylkeskommunale instansar, og med kommunale og statlege samarbeidspartnarar som NAV. Tilsette i OT har teieplikt. 

Du kan også sjølv ta kontakt med oppfølgingstenesta via rådgivar, PP-tenesta eller NAV, eller du kan ta kontakt med oppfølgingstenesta der du bor. 

Finn oppfølgingstenesta i ditt fylke: