Y-vegen favoritt ikon

Du kan søke opptak på einskilde universitets- og høgskulestudium utan generell studiekompetanse eller forkurs.

Det føreset at du har relevant fagbrev, sveinebrev eller yrkeskompetanse frå vidaregåande skole.

Studia er tilrettelagde for personar med yrkesfagleg bakgrunn. Y-vegstudium er vanlegast innan realfags- og ingeniørutdanningar. Førsteåret på desse ingeniørstudia har fleire teoretiske fag, som matematikk og fysikk, og mindre praksis enn den vanlege ingeniørutdanninga.

Fleire universitet og høgskolar har oversikt over kva fagbrev som er relevante for utdanningar via y-vegen.

Sjå oversyn over y-vegstudium