Vel rett utdanning favoritt ikon

– Utdanningsvalet er eitt av dei viktigaste og mest krevjande vala du tek, meiner karriererettleiar Gisle Hellsten.

Han er leiar ved Karrieresenteret ved Universitetet i Oslo og gir deg sine tips og råd.

Kva gjer ein karriererettleiar?

– Karriererettleiarane våre hjelper studentar med overgangen frå universitet til arbeidsliv, og vi har ei rekke tilbod til studentane. Eitt av desse er at Karrieresenteret ved Universitetet i Oslo (UiO) samarbeider med studieprogramma, slik at vi kan gi god informasjon gjennom studieløpet. Då fortel vi mellom anna om kor viktig det er å skaffe seg anna erfaring i løpet av studia. Eitt av måla våre er å motivere studentar til å sjekke ut framtidige moglegheiter. Vi syner dei korleis dei kan gjere dette slik at dei stiller førebudd når studieløpet er over. I tillegg skipar vi kurs i år skrive CV, søknader og gjennomføre intervju.

Kva bør eg tenkje på når eg skal velje utdanning?

– Å velje utdanning er eitt av dei viktigaste og mest krevjande vala du tek i livet. Det er mykje informasjon tilgjengeleg, og det er vanskeleg å setje seg inn i alt. Mitt råd er å leite etter dei studieområda du er interessert i og søke så mykje informasjon som mogleg. Gå i djupna! Viss du vil studere sosialantropologi, må du setje deg inn i kva det vil seie å studere nett det faget og kva karrierevegar studiet kan føre til.

Be om hjelp frå foreldre, sysken, venner og andre i yrkeslivet. Ver merksam på at mange har lyst til å påverke valet ditt, men det er du som skal leve med det. Til slutt blir det viktig å ta eit val, og då bør det vere noko du er motivert til å gjere.

For å summere opp kort:

1. Lytt til omgjevnadene

2. Vel sjølv

3. Bruk hovudet og hjartet

Kva gjer eg for å velje ei utdanning som ikkje fører til arbeidsløyse?

– Ingen kan gi garantiar eller seie noko heilt sikkert om arbeidsmarknaden, men vi kan seie noko om trendar. Historisk sett er det låg arbeidsløyse mellom dei høgt utdanna i Noreg. Det inneber at du har fantastiske moglegheiter. Du kjem langt med å fullføre ein grad.

Les kandidatundersøkingane som seier noko om kva som har skjedd med tidlegare studentar på ulike studie. Ver obs på at du i nokre stillingar må du stå på meir enn andre for å få jobb, slik som til dømes i journalistyrket. Arbeidsmarknadsstatistikk kan òg gi nyttig informasjon. Innan helse og omsorg er det gode sjansar for å få jobb. Bruk ein søkemotor for å finne informasjon om utdanninga du vurderer å ta.

Mange gjer feilval når det gjeld utdanning og karriere. Kva gjer eg viss eg har valt feil?

– Feilval er ikkje naudsynleg negativt. Nokre gonger må du prøve og erfare. Det å prøve noko og endre kurs basert på erfaring kan vere akkurat det som skal til for å lande rett. Sjølvsagt vil det vere best om du treffer blink med ein gong, men du har høve til å byte studieretning. Det er ikkje dramatisk om du må bruke seks månader ekstra på studia.

Korleis kan eg få ein jobb som vanlegvis krev ei anna utdanning enn den eg har?

– Det er viktig å kunne argumentere godt for at du har nett den kompetansen arbeidsgivaren treng. Hugs at arbeidsgivaren har eit ope sinn og ser etter breidde. Dei er ofte meir opptekne av kva du kan enn kva du har studert. Kompetanse er meir enn kunnskap og studie, kompetanse omfattar og erfaring, resultat og personlegdom. Det er viktig at du er i stand til å kommunisere at du har forstått kva jobben inneber. Du må kunne argumentere for korleis kompetansen din kan brukast til å løyse oppgåvene som ligg til stillinga.

Tenk gjennom kva arbeidsoppgåver du ser føre deg og spør deg sjølv kva du likte best i studietida. Var det analyse eller prestasjonar du likte best? Sjå på stillingsutlysingar og verksemder og kva dei krev. Det er viktigare å sjå på moglegheiter og oppgåver enn ein logo.

Korleis kan eg bruke studietida best mogleg for å sikre meg draumejobben etterpå?

1. Bruk tida på å studere – det er det viktigaste du gjer

2. Skaff deg resultat – det er dette du blir vurdert etter

3. Fullfør – dette blir lagt vekt på hos arbeidsgivaren

Sats på utdanninga og oppnå så gode resultat som mogleg – men ver klar over at arbeidsgivarane ser etter meir enn berre det du har studert og kva karakterar du har. Det er verdifullt å ha erfaring frå studieorganisasjonar. Deltidsjobb kan vere relevant eller ikkje relevant; det er ofte ei god erfaring å ha uansett. Erfaring frå frivillige organisasjonar er òg lurt, særleg viss du ønskjer å arbeide i bistandsbransjen. Studerer du i utlandet får du kompetanse på ein annan kultur, samfunn, språk og eit anna fagleg perspektiv.

Korleis kan ein karriererettleiar hjelpe meg?

– Vi kan fungere som ein god sparring-partner. Det er viktig at studentane eig spørsmåla, og at vi leier samtalane ut frå desse. Studentane sit ofte med svara sjølve, men me kan hjelpe til med å gjere dei medvitne på kompetanse og gi informasjon om arbeidslivet.

Kva gjer eg for å orientere meg best mogleg om yrkes- og utdanningsval?

– Ikkje ver redd for å prate med den næraste krinsen din eller samle informasjon. Ta direkte kontakt med utdanningsinstitusjonane, dei er viktige ressursar. Det er mykje tilgjengeleg informasjon på nettet. Skaff deg eit overblikk, sikt deg inn på eit felt og gå i djupna. Du bør kjenne deg komfortabel med vala du tek – det er du som skal studere og forme karrieren ut frå desse.

Sjølv om vala er mange, opplever dei fleste at studietida er ei flott tid dei ser attende på med glede.

Lukke til med valet!

Usikker på kva du skal velje?
Sjå oversikt over utdanningar
Sjå oversikt over yrke
Prøv Jobbkompasset