Utdanning i utlandet favoritt ikon

Du kan ta heile eller delar av vidaregåande skole og høgare utdanning i utlandet.

Vidaregåande skole

Du kan ta heile eller delar av vidaregåande i utlandet. Dette gjeld òg yrkesfaglege utdanningsprogram.

Norden
I dei nordiske landa har du same rett på vidaregåande opplæring som dei som er statsborgarar i landet. Du kan søkje vidaregåande skolar i Danmark, Finland, Island og Sverige.

Utanfor Norden
Nokre norske vidaregåande skolar har eigne utvekslingsavtalar. Sjekk kva for nokre avtalar skolane i ditt nærområde har. Du kan òg reise gjennom ein utvekslingsorganisasjon.

Å reise gjennom eit utvekslingsprogram gir deg stipend frå Lånekassen til utveksling i Vg2 dersom den norske skolen din godkjenner utanlandsopphaldet. Lånekassen gir vanlegvis berre støtte til utveksling på Vg2, men det finst moglegheiter for å ta heile vidaregåande i utlandet.

Du kan sjå ei oversikt over godkjente samarbeidsavtaler, godkjente utvekslingsorganisasjonar og lese meir om å vere utvekslingselev på utdanningiverden.no.

Godkjente utvekslingsprogram
Desse utvekslingsprogramma er godkjente av Lånekassen:

Oversikta gjeld for 2016/17 (sjå også SIU.no). Du kan lese meir om godkjenning hos Lånekassen: Vidaregåande utanfor Norden

Svalbard 
På Svalbard tilbyr Longyearbyen skole inntil 6 skoleplassar til elevar frå fastlandet.

Yrkesfagleg utdanning
Som elev ved eit yrkesfagleg utdanningsprogram har du moglegheit til å ta deler av læretida i utlandet, eller du kan dra på utveksling til andre land.

Les meir om dette:

Høgare utdanning

Heile studiet i utlandet
Skal du ta heile studiet i utlandet, søker du som oftast direkte til lærestaden. Det er viktig å vere ute i god tid med førebuingane og søknadsprosessen. For å få støtte av Lånekassen må lærestaden vere godkjent, studiet må vere på fulltid og det må vere på nivå med norske bachelor-, master- eller ph.d.-grader.

ANSA er interesseorganisasjonen for norske utanlandsstudentar. Dei har oversikt og mykje informasjon om både studiar og landa du kan studere i. ANSA tilbyr òg rettleiing til deg som vurderer å studere i utlandet.

Studere helsefag i utlandet?
Skal du studere helsefag og jobbe i Noreg etter avslutta utdanning må du ha autorisasjon. Det er derfor veldig viktig å undersøke kva som krevjast for å få autorisasjon når du kjem tilbake. Ikkje alle helseutdanningar frå utlandet gir autorisasjon sjølv om du får støtte frå Lånekassen. Les meir om autorisasjon hos Helsedirektoratet.

Delar av studiet i utlandet
Norske universitet og høgskolar har ofte eigne avtalar med institusjonar i utlandet, i tillegg til at dei tilbyr utveksling gjennom utvekslingsprogram.

På utdanningiverden.no kan du lese meir om utvekslingsprogramma Erasmus+ og Nordplus og finne lenker til utvekslingstilbodet til norske universitet og høgskolar.

 

Søknadsfristar

Søknadsfristane varierer frå land til land. Det er ikkje alle land som har fastsette søknadsfristar slik som i Noreg. Nokre lærestader har rullerande opptak der dei vurderer søknadar fortløpande.

Finansiering

På Lånekassen sine sider finn du mellom anna svar på kva for nokre utdanningar du kan få støtte til, vilkår og krav for å få støtte og oversikt over kor mykje lån og stipend du kan få.

Les meir om stipend og lån hos Lånekassen

Stipend og legatar
I tillegg til støtte frå Lånekassen finst det ein del andre støtteordningar og legatar det er mogleg å søke på.

Praktiske råd

Det er mange praktiske ting som må vere ordna før du reiser ut for å studere. Det gjeld alt frå forsikring til visum og bustad. Det er lurt å starte planlegginga i god tid, helst eit år i førevegen.

Les meir på utdannigiverden.no, Noregs offisielle nettstad for opplæring og studiar i utlandet. Her finn du mykje nyttig informasjon og tips til kva det er smart å tenke på dersom du ønsker å studere i utlandet.