Tips frå karriererettleiaren favoritt ikon

Karriererettleiar Kjersti Dovland har mange gode råd til deg som skal velje vidaregåande utdanning.

Korleis kan ein karriererettleiar hjelpe til med å velje vidaregåande utdanning?

– Eg må gje rett og god informasjon om vala ein har og konsekvensane av dei. Du skal få hjelp til å ta gode val i samband med utdanning, jobb og karriere. Som karriererettleiar ved Røyken vidaregåande gir eg informasjon og svarar på spørsmål om mellom anna utdanningsprogram, Y-vegen, fag- og sveinebrev og liknande.

Eg svarar òg på spørsmål på nett og driv med rettleiing både individuelt og i grupper. Ingen spørsmål er dumme, for det vidaregåande løpet kan verke litt komplisert. Dersom du er bekymra for framtida, kan ein karriererettleiar hjelpe deg å bryte utfordringane ned og finne ei løysing.

Mange karriererettleiarar held òg motivasjons- og jobbkurs, arrangerer opne dagar og syner deg korleis du kan bruke nettsider og søkemotorar for å finne informasjonen sjølv.

Kva bør eg gjere viss eg ikkje veit kva eg vil arbeide med?

– Set deg ned med foreldra dine eller nokon du stolar på, og ver ærleg. Foreldre er ofte klokare enn du trur. Still krav til rådgivarar og lærarar og få dei til å ta inn eksterne personar i utdanningsval og andre fag. Bestill gjerne samtale med ein rådgivar.

Det viktigaste du kan gjere er å lese og halde deg oppdatert. Gå inn på nettsider som vilbli.no og utdanning.no og les yrkesskildringar. Dette kan hjelpe deg med å fjerne yrke frå lista di. Les deg opp på utdanningsprogram, sjølv om det er keisamt. Viss du ønsker å studere på høgskole eller universitet, kan det vere lurt å velje studiespesialiserande eller yrkesfag med påbygging. Når du har funne eit utdanningsprogram du kan tenke deg å ta, be om å få ein timeplan og snakk med elevar som går på programmet. Gå på opne dagar der du får omvising og informasjon på vidaregåande skolar. Ta initiativ og still spørsmål. Sist, men ikkje minst, lytt til hovudet og hjartet.

Korleis kan eg unngå å velje feil?

– Kjenn etter kva du har lyst til å gjere og ikkje vel automatisk det vennane dine har valt. Spør deg sjølv kva du likar å gjere og kva du gjorde sist gong du opplevde at tida berre flaug av garde. Det finst interessetestar lett tilgjengeleg på nett, som kan hjelpe deg. Spør foreldre og kjende kva du er flink til og be om ein individuell time hos rådgivar. Det er lurt å prate med nokon som allereie går på utdanningsprogrammet du har lyst å gå på.

Ver aktiv i ditt eige liv og ikkje vent på den store aha-opplevinga. Spør deg sjølv kva som er det første steget du kan ta for å komme vidare.

Kva om eg har valt feil og er anten ferdig med eller midt i utdanninga?

– Det er heilt greitt å finne ut at du vil noko anna. Er du i utdanning, så kan du ha rett til omval. Viss du vil slutte eller starte på nytt, prat med rådgivaren din så fort som mogleg. Ver merksam på at viss du sluttar før ei frist om hausten, har du ikkje brukt opp skoleåret ditt. Denne fristen kan variere, så sjekk med skolen din kva tid han er.

Ikkje ver redd for å gå inn på eit kontor for å prate. Det er ditt liv det handlar om! Karriererettleiaren kan hjelpe deg med å lage ein ny plan. Det er mange flotte menneske i skulesystemet som vil hjelpe deg. Snakk gjerne med nokon du kjenner at du har tillit til. I løpet av eit skuleår skal du ha minst to samtalar med kontaktlæraren din. Det er eit fint høve til å prate om dét du har på hjartet.

Kva kan eg gjere når eg tykkjer det er for mykje teori?

– Be om hjelp så fort som råd! Ta kontakt med kontaktlæraren din og ver ærleg, sjølv om du tykkjer det er flautt. Kjenn etter og kartlegg kva som skal til for at du lærer best. Skolen har plikt til å legge opplæringa til rette for deg.

Mange trur det er lite teori i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Det er om lag halvparten teori og halvparten praktiske fag, så ver førebudd på mykje arbeid. Sjå på vidaregåande som ein ni til fire-jobb. Start allereie å arbeide aktivt med leksene på ungdomsskolen og arbeid jamt og trutt, då vil ikkje overgangen bli så stor. Set deg mål, sjølv når det buttar mot, og sjå for deg at du held vitnemålet i handa.

Viss utdanningsprogrammet mitt ikkje blir tilbode i mitt fylke, og eg ikkje ønsker å flytte kva kan eg gjere då?

– Nokre fylke kan kjøpe skuleplass i eit anna fylke. Dette blir kalla gjesteelevsgaranti. Gå til rådgivaren din og høyr korleis dette blir gjort i ditt fylke. Av og til må du flytte, viss det er dét som skal til. Prat med familie og venner, og kjenn etter om du er klar for å flytte for deg sjølv. Sjekk om det er fleire du kan flytte saman med i fylket, og sørg for at du har eit nettverk der.

Kva bør eg gjere viss eg ønsker ei kort utdanning og tene mest mogleg raskast mogleg?

– Det kjem an på jobben du ønsker, men fagbrev kan vere nyttig. Lag ei liste over måtar du kan tene pengar på og kjenn etter kva du har lyst til og er god på. Prat med menneske i yrka og høyr på deira erfaringar om utdanning og yrke. Arbeid hardt og set deg mål. Finn deg ein mentor som kan gi råd. Ikkje vent på at draumejobben skal dukke opp: Skap han sjølv. Hugs at all arbeidserfaring er nyttig. 

Korleis kan eg sikre meg at eg vel eit utdanningsprogram som fører til jobb etterpå?

– Det finst ingen garanti for jobb, men utdanning er ein viktig nøkkel for tryggleik, sidan det ofte er dei som manglar utdanning som må gå først når det blir nedskjeringar. Utdanning gir òg sjølvtillit, det er godt å ha papir på at du kan noko. Så det er lurt å skaffe seg eit fagbrev, bachelor- eller mastergrad.

Kva om foreldre og venner tilrår meg å ta eit anna val enn eg vil?

– Då spør eg: er det du som skal bli lukkeleg eller mamma og pappa? Til sjuande og sist er det du som har svaret, det er ditt val. Dette gir deg òg god trening i å ta val. Er det vanskeleg ta foreldra dine med til ein karriererettleiar. Eg plar å seie at karriererettleiaren er eleven sin advokat. Vi er her for å hjelpe deg med å ta gode val for framtida di.