Studere i Noreg favoritt ikon

Er du utlending og ønsker å studere i Noreg? Finn ut kva for studiar som gir opphaldsløyve og korleis du søker.

English: Study in Norway

Opphaldsløyve som student

Du trenger ikkje opphaldsløyve dersom du skal vere mindre enn tre månader i Noreg. Nokre kan også besøke Noreg utan visum, men de fleste frå land utanfor EU/EØS må søke om eit besøksvisum. 

Les meir om visum hos UDI

Viss du skal studere i Noreg i meir enn tre månader må du søke om studietillatelse, som er opphaldsløyve for studiar. 

Les meir om studietillatelse hos UDI

EU/EØS-borgarar har rett til å studere, jobbe og bu i Noreg. Alle EU/EØS-borgarar som skal bu i Noreg i meir enn tre månader må registrere seg.

Les om registreringsordninga for EØS-borgarar hos UDI

Søknad om opphaldsløyve

Når du søker om opphaldsløyve i Noreg må du søke frå eit land der du er statsborgar, eller har hatt opphaldsløyve de siste seks månadene.

Les om kor du skal levere søknaden hos UDI

Hovudregelen er at du skal søke om studietillatelse før du reiser inn i Noreg. Dersom du alt er i Noreg er det i nokre tilfelle mogleg å levere søknaden om studietillatelse her.

Dersom du søker frå Noreg eller via ein norsk ambassade, skal du registrere søknaden din på nett.

Sjekk om du kan søke på nett

Godkjenning av utdanning 

NOKUT har informasjon om utdanningsmoglegheiter for deg som har utanlandsk utdanning og ønsker å fortsette med utdanning i Noreg.

Godkjenning av utanlandsk høgare utdanning

Opptakskrav

For å få studieplass i høgare utdanning når du har utdanning frå eit anna land, må du ha:

1. Generell studiekompetanse 

Grunnlaget for opptak til universitet og høgskolar i Noreg er generell studiekompetanse. For søkjarar med utanlandsk utdanning er krava spesifisert i ein egen liste som kallast GSU-leisten (Generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar). I tillegg må du dokumentere at du har tilstrekkelege kunnskapar i norsk og engelsk.

Se GSU-leisten

2. Dekket krav til norsk og engelsk

Du må dokumentere at du har tilstrekkelege kunnskapar i norsk og engelsk.

Les om språkkrava og korleis du dekker dei

3. Riktig dokumentasjon

Du må kunne dokumentere utdanning og språkkrav. Du er sjølv ansvarleg for å laste opp riktig dokumentasjon innan fristen.

Se kva for ein dokumentasjon som krevjast for ulike land

Oversetting av dokument

I forbindelse med opptaket, må du laste opp dokumentasjonen både på originalspråk og omsett til norsk, engelsk eller eit anna skandinavisk språk. Omsettinga må gjerast av ein statsautorisert translatør eller eit omsettingsbyrå.

Finansiering

I utgangspunktet må du vere norsk statsborgar for å ta imot støtte frå Lånekasse for utdanning, men støtte kan givast til utanlandske statsborgarar under visse føresetnader. 

Les om vilkår for støtte til utanlandske statsborgarar hos Lånekassen

Offentlege universitet og høgskolar i Noreg er gratis, men du må betale ein liten semesteravgift. Når det gjelder private skolar, må du regne med å betale skolepengar. Kostnadene varierer etter kva for ein skole og utdanning du vel. Sjekk derfor det aktuelle lærestaden.