Opplæringkontor favoritt ikon

Opplæringskontora er eit samarbeid mellom verksemder om inntak og opplæring av lærlingar.

Det finst opplæringskontor som er kommunale, tverrfaglege, per bransje og dei som er fokusert på enkeltfag. 

Opplæringskontora hjelper medlemsbedriftene sine med det praktiske rundt lærlingordninga, som regel mot ein andel av lærlingtilskotet.


 

Opplæringskontora sine oppgåver

Eksempel på arbeidsoppgåver eit opplæringskontor gjerne utfører på vegne av medlemmene sine: 

  • rekrutterer lærlingar
  • skriv lærekontrakt
  • er juridisk ansvarleg gjennom læretida
  • syte for dokumentasjonsverktøya til lærlingen og forsikre seg om at desse blir brukt
  • kontrollere at læreplanen blir følgd
  • ser etter at verksemda og lærlingen følger fastsette mål og retningsliner
  • melder lærlingen opp til fagprøve
  • omplasserer lærlinger ved behov
  • tilbyr kurs til faglig leder og følger opp faglig leder og instruktør
  • er støttespelar for lærling og verksemd i saker rundt fagopplæringa
  • hjelper til med intern fagopplæring av vaksne (fast tilsette) arbeidstakarar
  • markedsfører yrket og bransjen – sikrar ny rekruttering til faget
  • har kontakt med fylkeskommunen og andre aktuelle instansar